Full rulle med Sporten
Onsdag var Sporten Brattvåg på plass i Nordøyhallen for å selge diverse fotballutstyr. Samstundes var det open hall med aktivitetar frå Energikampen inne i hallen. Mellom 250 og 300 tok turen innom.
Sporten Brattvåg er HaNo sin utstyrsleverandør, og onsdag var dei på plass i Nordøyhallen med mykje fotballustyr og HaNo - effektar. Publikum kjente seg besøkelsestid, og køa framfor Sporten - disken var konstant. I tillegg kunne folk sette seg rundt borda og ta seg ein kaffi eller anna frå kiosken.

I hallen kosa både store og små seg med aktivitetar frå Energikamphengaren, med badminton, frisbee og fotballspeling på eige initiativ. Ei kjempekjekk stund!
Her er nokre bilete som viser litt av aktiviteten:

01/03-12
Av: Kenneth Ulla






Kjempespretterten vert testa ut


Vektlabyrinten krev samarbeid


Salget gjekk unna hjå Sporten Brattvåg


Og det var mogeleg å kose seg med kaffi og kaker


Vindelløype - bordtennisball og hårføner


Seniorane testar nye drakter





















5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH


Hovudsponsorer: