Uavgjort mot Vigra
Hano sitt herrelag spelte kamp mot Vigra i Uggedalen søndag. Etter å ha leia 2-0 kom Vigra tilbake med 2 skoringar i 2 omgong. Ei god gjennomkøyring for Hano mot eit Vigra som nok vil kjempe i toppen av årets 6 divisjon. Meir kjem.
HaNo-Vigra 2-2

Mål: Even Vestavik (30 min), Preben Lorgen (65 min)

HaNo:
Henrik Åkre
Robin Haram
Michael Austnes
Per Kristian Klokk
Demir Haram
Preben Lorgen
Even Vestavik
Cato Longva
Lars Åkre
Håkon Haram
Jan Egil Ulla

Det enda 2-2 i vindkasta i Uggedalen mellom HaNo og Vigra på søndag. HaNo var klart best før pause medan Vigra var meir med i 2 omgong. Even Vestavik sørga for 1-0 etter ein halv time etter fint forarbeid av Jan Egil Ulla. HaNo hadde fleire gode sjansar både før og etter pause, men var ikkje kvasse nok framfor Vigra sitt mål. Etter pause la Preben på til 2-0 med eit vakkert langskot, nok engong etter forarbeid av Jan Egil Ulla. Midtvegs i omgangen redusere Vigra på eit frispark som går gjennom heile feltet og i mål og 10 min seinere kjem utlikninga på eit skot frå 16 meter. Dermed endar kampen 2-2 mellom 2 lag som truleg vil kjempe i toppen av 6 divisjon avd 2 denne sesongen.

For HaNo sin del var dette avslutninga på ei god treningsveke med kamp onsdag og søndag og ei bra trening fredag med 18 mann på plass i hallen. No skal vi trene godt et par veke før vi møter Ellingsøy 26 mars på Nes Stadion.

12/03-12
Av: Lars Åkre







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: