Barnefotballkveld gav inspirasjon
Geir Hansen frå Norges Fotballforbund og Sunnmøre Fotballkrets besøkte Nordøyhallen og HaNo forrige veke. - Svært inspirerande, meinte deltakarane i HaNo, og Geir sjølv har uttrykt i ein artikkel på SFK sine nettsider nøyaktig det same.
Geir Hansen er no trenar- og spelarutviklar i Sunnmøre Fotballkrets, og er også trenar for Noregs Gutar16-landslag. Han har også hovudtrenaransvar for Aafk for over 10 år sidan på cv-en. - Det er lett det, fortalde Geir. - Men å trene G8-laget til Aksla, det er IKKJE lett, understreka han, og fekk med seg HaNo-trenarane, lagleiarane og leiarane på det :)

Økta var med svært gode diskusjonar, drøftingar på korleis drive god breiddefotball. Mange hadde innspel, og fekk utfordra sine meiningar om det daglege arbeidet på treningsfeltet.

Heile 18 spelarar i alderen 7-11 år, både HaNo-gutar og jenter fekk ein times økt med Geir som inspirerte både spelarane og vi vaksne som såg på. Mange av trenarane har denne veka brukt mykje av det Geir gjorde forrige veke!

Geir har også uttrykt glede over å vere med oss. Dette er god lesning (Trykk her)


22/08-12
Av: Odd Einar Molnes



















5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: