Tidenes beste HaNo - dagar?
Ja det trur vi at det blir. 45 standar, to fotballkampar, aktivitetar av ymse slag og ikkje minst tett med underhaldning frå vår nye scene er noko av det vi har og by på. I tillegg vert det som vanleg rikeleg høve til å få seg ein matbit eller to.
[Sjå brosjyre...]
[Sjå plakat...]
I fjort var det HaNo - dagar i Nordøyhallen for første gong. Rekordmange standar og fullt hus. I år er der lagt ned endå meir arbeid i HaNo - dagane, og det ser verkeleg bra ut!

Vi håper at mange både øyingar og fastlendingar tek turen. Og ikkje minst at mange utflytta øyingar tek turen, slik at vi kan starte jobben med å friste dei til å flytte heim:)

Laurdag vert det messe og underhaldning av UL Fram. Kl 18.30 er det klart for Øyfaktor med 14 innslag.
Søndag skal det heile toppast med konsert med Brass Brothers og dei 3 øyaskulekorpsa.

Vi håper at publikum veit og sette pris på alle dei 45 standane som har teke turen til Nordøyhallen.

Møt opp til to triveleg dagar i Nordøyhallen!

31/08-12
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH


Hovudsponsorer: