Flott innsats av HaNo damelag.
Det blei tap mot eit godt Ørskog for HaNo damene, men dei beit godt frå seg.
Det var Ørskog som opna best på Nordøy Stadion. Dei hadde eit ganske markant speleovertak dei første 10-12 minutta, og etter 10 minutt leia dei med 2-0, veldig fortent.

So begynnte HaNo å sjå alvoret i situasjonen, og etter 17 minutt får HaNo frispark litt inn på Ørskog sin halvdel.
Eli Rogne tek frisparket. Ho skyt ballen hardt mot Ørskog sitt mål. Der er det mykje folk, og ballen går litt fram og tilbake framfor keeperen til Ørskog, og til slutt får Solveig Aksnes pressa ballen i mål. Fint mål av Solveig.

I denne perioden har HaNo eit lite spelemessig overtak på eit godt Ørskog lag. Eit lag som vart nr 3 i fjorårets førstedivisjon, bak dei \"2 store\", Aksla og Fortuna. HaNo skaper i denne perioden av kampen ein del gode sjanser, utan å få uttelling.

So etter 27 minutt kjem endeleg utlikninga. Judith Malen Vestavik får ballen midt på Ørskog sin halvdel. Ho får plass og rom, og då smell det godt. Ho skyt eit godt, hardt skudd høgt i mål som Ørskogkeeperen har små moglegheiter til å redde. Utlikninga er eit faktum, og stillinga er 2-2.

Verdt å nemne er at etter 48 minutt lager HaNo det første frisparket i årets sesong. Det hadde vel ikkje gjort so mykje om det hadde blitt litt fleire av dei.

Etter 55 minutt får Ørskog frispark igjen, og det blir kontant sett i mål frå ca 15 meter.

I det 62 minutt har HaNo frispark frå skrått venstre. Eli skyt igjen, og ballen stryk stolpen. Stor sjanse.

I det 70 minutt scorar Ørskog igjen med eit fint langskot, og i det 86 fastset dei sluttresultatet til 6-2 til Ørskog.

Verdt å nemne er stoppartrioen Eli, Amalie og Jeanette. Dei hadde bra trykk på seg nesten heile kampen, og viste stor innsats og jobba godt.

Sentralt på midten jobba Judith og Trude også godt, og Solveig sprang mykje på kanten.

Ut over i kampen var det mange slitne bein på HaNo, og det er vel eit teikn på god innsats.

Kommentaren frå dagens HaNo supporter, Æresmedlem Lars Ulla, må vel også nemnast.
\"Det ska dåkke ha, dåkke e i alle fall positive.

HaNo: Hanna, Eli, Amalie, Judith, Marianne, Solveig, Veronika, Trude, Iselin, Sofie, Kamilla, Beate og Jeanette.


14/05-13
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: