Opptur for HaNo damene.
HaNo sitt damelag har starta sesongen med 2 klare tap, men i dag fekk dei løn for strevet. Tjørvåg vart sendt heim med heile 10-1 tap i sekken.
Det starta friskt på Nordøy stadion i dag, og begge keeparane måtte i aksjon svært tidleg i kampen. Begge redda fint, men etter 8 minutt var det heimelaget som fekk uttelling.

HaNo fekk corner frå venstre, og Eli Rogne la ein hard ball inn framføre Tjørvåg sin keeper. Det vart litt \"klabb og babb\", og so hamna ballen hjå Judith Vestavik som sette den kontrollert i hjørnet frå 15 meter.

Etter 17 minutt vart Trude Haram spelt fint fri, men sjølv om ho kom åleine med keeper greidde denne å avverge. Fin redning av Tjørvåg sin keeper.

Minuttet seinare var det Kamilla Standal sin tur å kome åleine med keeper. Også denne gangen redda keeper fint, men måtte gi retur som Judith satte i mål.

Judith gjengjeldte tjenesta 2 minutt seinare, då ho spelte Kamilla fint fri. Ho scora sikkert.

HaNo var no inne i sin beste periode i kampen, og det gjekk ikkje meir enn 3 minutt, so vart Kamilla feldt i feltet, og Eli Rogne satte straffa sikkert i mål.

I det 25 minutt fekk Kamilla ballen litt inn på Tjørvåg sin banehalvdel. Ho sette stor fart rett mot mål. Ho runda alt og alle, og satte til slutt ballen i det tomme målet.

No roa det seg litt. Det var veldig varmt på Nordøyane i dag, og det tæra på spelarane på båe lag. Etter 35 minutt kom kanskje kampens prestasjon. Marianne Ulla får ballen på venstre kant. Ho dreg seg inn i bana, og fyrer av frå 30 meter pluss. Ballen fyk vakkert opp i vinkelen bak ein god keeper.

I det 42 minutt får Tjørvåg sin største sjanse i kampen, men skotet går i tverrliggaren.

Ved pause sto det 6-0 til HaNo damene, og dei hadde hatt full kontroll over kampen.

2 omgang starter med eit lite Kamilla Standal show. I løpet av dei første 10 minutta har ho 3 kjempestore målsjanser, men ein god keeper og litt utur gjer at det ikkje blir mål.

Det går 15 minutt før det blir scoring i denne omgangen. Då får Judith ballen på midtstreken. Ho skjer igjennom heile Tjørvåg laget, og blir stoppa av ein god keeper. Trude Haram er først på returen og set den sikkert i mål.

Etter 20 minutt spelar Trude fint fri Kamilla, og ho scorer sikkert.

Etter 31 minutt har Tjørvåg tilsynelatande kontroll på ballen i eige forsvar, men Veronika Norvoll jobber godt, vinn ballen og set den fint i mål.

Etter 36 minutt kontrar Tjørvåg på eit HaNo lag som vil ha fleire mål, og Hanna Sylte må plukke dagens einaste ball ut i frå eige nett.

Etter 37 minutt driv Solveig Aksnes fint framover på høgrekanten, og eit presis innlegg blir sett i mål på eit fint førstetouch av Veronika Norvoll. Ho skaut og i stonga eit minutt seinare, men punktum var satt. Sluttresultatet vart 10-1 til HaNo, og det var ikkje eit mål for mykje.

HaNo damene hadde full kontroll på denne kampen, og var nærare å vinne meir enn Tjørvåg var å komme nærare.

God dommar var Jonny Sylte, og han delte ut eit gult kort til ein Tjørvåg spelar.

HaNo: Judith, Amalie, Eli, Hanna, Iselin, Jeanette, Kamilla, Marianne, Sofie, Solveig, Trude, Veronika og Ane.




20/05-13
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: