Veldig kjekk idrettskule!
92 på torsdag, og 84 på fredag. Berre blide fjes og sjå! Svært flinke og kjekke vaksne! Idrettskulen 2013 er over, og var vellykka.
For 3. gong inviterte HaNo FK til idrettskule. Omlag 90 ungar i frå 1.- til 9. klasse var påmeldt. Idrettskulen legg opp til å vere så variert som mogeleg, slik at flest mogeleg har lyst til å vere med. Øvingar som bueskyting, frisbeegolf, badminton, kanonball, boccia, fotball, handball, dans, bøtteball, sandvolleyball, fotballgolf, foto-orientering, Haramsøyløypa, høgdehopp, lengdehopp, kast, 60-meteren, hinderløype,ulike leikar og skyting på Sæberget skytebane stod på programmet i år.
Dagane starta med frokost før første aktivitet, så vart det servert frukt, og seinare varm lunsj. Viktig med ny energi, for idrettskulen er både kjekk og travel. Fredagen vart avslutta med heimebaka bollar og is!

Vi vil i år rose ungane. Dei oppførte seg eksemplarisk, var blide og hadde flott innsats!

Aller mest ros til dei vaksne som sette av tid til å hjelpe til enten på kjøkkenet eller som instruktørar på dei ulike øvingane. Omlag 30 vaksne var i aksjon desse dagane. Takk til dei for å bruke tid slik at ungane fekk to kjekke dagar med positiv aktivitet og sosialt samver.

28/06-13
Av: Kenneth Ulla






Dei eldste fekk prøve seg på skytebana på Haram











Høgdehopp


På kjøkkenet vart det diska opp med mykje god mat


Lengde





Badminton


Fotball-leik











Fotballgolf


Sandvolleyball


Bøtteball


Boccia


Løypesisten


Hinderløype





Leikar


Fruktpause





Mat er viktig





Felles dans





Klart for foto-orientering






5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: