Mykje positivt sjølv om det vart stortap for HaNo damene
Fortuna var som venta veldig sterke og vann 11 - 1 over HaNo i Nordøyhallen i dag. Men til trass for det stygge tapet var det mykje positivt hjå HaNo.
Oppladninga til kampen vart spesiell for begge lag då Fortuna blei setande fast i trafikken i Aalesund slik at dei ikkje rakk den ferga dei hadde planlagt å tak.
Kampen vart difor flytta frå Nordøy stadion til Nordøyhallen på kortast mogleg varsel.

Fortuna styrte som venta kampen mot eit ungt HaNo lag. I første omgang scora dei 5 mål, men med litt meir marginar med seg kunne HaNo også scora eit mål eller to.

På stillinga 1 - 0 skaut ei god og hardtarbeidande Marianne Ulla i tverrliggaren frå skrått hald. Sameleis fekk Beate Austnes Nogva sjansen frå 15 meter, men også ho traff tverrliggaren med eit godt skot.

På stillinga 0 - 7 braut Judith Malen Vestavik midt på bana. Ho forserte fint framover og spelte so ballen til Marianne Ulla som scora sikkert. Fint mål.

Eit HaNo lag med heller få treningar etter ferien i beina viste stor innsats og vilje i denne kampen. Det var ikkje mykje pust igjen hjå jentene når kampen var over.

Som det går fram av resultatet var det Fortuna som styrte kampen og hadde full kontroll heile tida. Men det var nyttig trening og læring av HaNo damene, som etter trenarane si meining ikkje har noko å skamme seg over etter denne kampen.

God domar i ein lettdømt kamp var Jonny Sylte.

20/08-13
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: