Klubbdommarkurs 6. april
|
Det skal arrangerast klubbdommarkurs søndag 6.april kl. 11.30 i tilbygget i Nordøyhallen.
|
Det teoretiske kurset varer i 2 timar. Planen er at kursdeltakarane skal få anledning til å praktisere det dei har lært på G8, J8 og J9-turneringa som skal byrje kl.14.30. Alle dame- og herrespelarane , som ikkje tok dette kurset i fjor, bør stille på dette kurset. Dette fordi ein blir sett opp til å dømme ca. 2 kampar kvar i løpet av sesongen som dugnad og då er dette kurset veldig kjekt og lurt å få med seg.
Om nokon andre er interessert i å delta, vil vi veldig gjerne sjå deg på kurset!
Håper så mange som mulig melder seg på! Frist: onsdag 2.april. Send melding til meg på mob.: 95 21 49 79 .
Mvh Britt Tove V. Molnes, Sportsleg utval senior
|