Solsinnstur til Valldalen for HaNo sitt G14 lag.
HaNo sitt G14 lag tok laurdag turen til Valldalen for å spele seriekamp. I baggasjen heimatt låg det 3 solfylte poeng.
Turen til Valldalen laurdag gjekk sjennom snøv og vatten. Vi fekk melding før start heimafrå at det regna og snøva der inne so mykje at oppmann Lena måtte ringe inn og forsikre seg om at fotballkampen der inne verkeleg skulle spelast.

Det vart det, og HaNo sine gutar som enno ikkje har prøvd seg på gras i år, gjekk knallhardt ut. Det var ikkje spelt meir enn 9 minutt før stillinga var 0-4 til bortelaget HaNo.

Det var og Valldal sine gutar sin første tur på gras, og dei hadde ein del gode spelarar, og pressa våre gutar ei stund etter dette og reduserte med 2 flotte mål til 2-4.

HaNo sine gutar tok tilbake initiativet i kampen etter dette og scora 1 mål til før pause, slik at stillinga då vart 2-5.

Etter pause var det nok ein gong HaNo som dominerte i ein god periode, slik at etter 51 minutt stod det heile 2-7 til våre gutar.

So tok Valldalen sitt gode G14 lag over igjen og pressa HaNo bakover og scora 3 mål på 6 minutt. Plutseleg var det spanande igjen.

Men nok ein gong reiste HaNo seg og scora mål. I det 59 minutt stod det 5-8, men vi følte oss framleis ikkje heilt trygge.

Når Valldal so scora etter 66 minutt og nok ein gon låg berre 2 mål bak var spenninga til å ta og føle på.

Men HaNo sitt G14 lag rei av stormen, og i sluttminutta var dei nærare å auke leiinga si enn at Valldalen skulle kome nærare.

Ein flott gjenomført kamp av HaNo sitt G14 lag. Stor innsats og mykje springing av veldig mange spelarar gav eit godt resultat, og vi er frameleis ubesigra denne sesongen.

Tusen takk til Valldal som tok godt imot oss og var veldig hyggelige heile tida vi var der inne. Og vi likte veldig godt at dei stillte med ein vaksen god dommar som handterte to gode lag på ein framifrå måte.

Viss noko negativt skal nemnast må det vere Sander si køsniking som gjorde at han kjøpte den siste pølsa i kiosken rett framføre underteikna.


03/05-14
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: