Herrelaget med eittmålstap
Emblem 2 - HaNo 1-0 (0-0). Emblem skåra kampens einaste mål på dødball etter 20 minutt i andre omgang. Kampen var jamnspelt, men HaNo slit med å skape store målsjansar.
Emblem2- HaNo 1-0 (0-0)
Mål:
1-0 Eivind Fiskerstrand (60)

Dommar: Inge Andersen, Spjelkavik.

Gukt kort, HaNo: Ingen.

Spelarpoeng, HaNo:
3 poeng: Per Kristian Klokk
2 poeng: Jan Egil Ulla
1 poeng: Mario Selmann

Første omgang skaper Emblem 2 ein del farlegheiter på lange innkast, corner og frispark. Men forsvarsfiraren og Kenneth bakerst rydda godt unna. Manuel får omgangens siste og største sjanse, men skotet går i nærmaste keeperhjørne, og det endar med corner.

Andre omgang er ganske så lik, men heimelaget har meir trykk no. HaNo fekk ikkje klarert, og corneren endar på foten til kapteinen som nettar sikkert med foten. HaNo er farlege på nokre overgangar, men ofte slit vi med rytme og presisjon når vi er i angrep. Manuel, Jan Egil og Odd Einar kom alle til avslutning mot slutten, men noko stormløp blei det ikkje.

Sindre Rogne og Hallgeir Remme (biletet) fekk bivåne ei forestilling der HaNo igjen heng med, men vi må bli giftigare framover.

HaNo 4-4-2:
Kenneth Ulla, Sebastian Rogne, Per Kristian Klokk, Lars Åkre, Bjørnar Flem - Manuel Hoedemakers, Mario Selman, Jan Egil Ulla, Jan Erik Flem - Damian Zachara, Aleksander Ulla.

Nytta innbyttarar: Mads Uri, Stig Frode Longva, Odd Einar Molnes.

03/05-14
Av: Odd Einar Molnes










5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: