Årets første trepoengar
HaNo-Fiskerstrand 3-1 (1-0). HaNo slapp med skrekken, og rodde i land ein fortent 3-1 siger. Fiskerstrand gav aldri opp, og gjorde 1-1 ti minutt ut i andre omgang. HaNo fekk heldigvis ikkje panikk, og heldt fram med å angripe. To velfortente skåringar kom heldigvis, og årets første trepoengar er i boks.
HaNo-Fiskerstrand 3-1 (1-0)
Mål:
1-0 Stig Frode Longva (31)
1-1 (55)
2-1 Cato Longva (64)
3-1 Aleksander Ulla (71)

Dommar: Bjarte Steinsbu, Brattvåg.

Gukt kort, HaNo: Ingen.

Spelarpoeng, HaNo:
3 poeng: Cato Longva
2 poeng: Damian Zachara
1 poeng: Bjørnar Flem

HaNo ville framstå med energi, bevegelse og mållyst i dag. Vi lykkast brukbart, men taktiske val og presisjon stod ikkje heilt i stil denne kampen heller. Men HaNo produserte godt med sjansar før pause. Håkon og Mario mellom anna, men det var Stig Frode og Damian som blei boksopnarane etter halvtimen. Flikken frå Damian var fin, og Stig Frode vrikka seg elegant laus, og skåra på svært typisk Stigis-vis til 1-0.

Fiskerstrand har sluppe inn masse mål i år, men vi såg stundom kvifor dei skåra fire mot Harøy sist. Ein kjapp angripar, og lite kynisk forsvarsspel fram mot pause gjorde at FIL var farleg frampå eit par gongar før pause.

Etter pause fungerte angrepsspelet betre, og vi kom rundt mykje på kantane, spesielt på venstresida med Asgeir (41 i dag). Fiskerstrand fekk midt i ein solid HaNo-periode ein gratissjanse då vi kommunikasjonsfeila. 1-1. HaNo skal ha ros for å ikkje få panikk etter skåringa. Anført av comeback-Cato på midtbana mala vi på. Damian fungerte godt i mottaksfasen i angrepet, og vi kom etter veldig bra med resten av laget midtvegs i andre omgang. Dermed var det snakk om NÅR og ikkje OM HaNo-måla kom. 2-1 ordna Cato med hovudet etter presist innlegg frå Damian som dermed hadde dagens andre assist. Assist fekk også Asgeir då han la inn til Aleksander som headda sikkert i nota. Vi kom no med mange folk i feltet på innlegga, og vi kunne fort ha skåra fleire.

No er det framleis mykje å rette på, men i dag skal vi nyte tre poeng!! Det kjem ikkje av seg sjølv, og Fiskerstrand kjempa godt. Andre resultat måndag:
Spjelkavik 2 2 : 6 Emblem 2
Ellingsøy 0 : 2 Brattvåg 2
Langevåg 2 4 : 1 Aksla

HaNo:
Sindre Longva- Jan-Erik Flem, Michael Austnes, Per Kristian Klokk (k), Bjørnar Flem- Manuel Hoedemakers, Marius Austnes, Mario Selmann, Toto Helland - Cato Longva, Aleksander Ulla.
Nytta innbyttarar: Asgeir Nogva, Stig Frode Longva, Damian Zachara, Håkon Haram, Per Olav Sunde, Christoffer Longva.

12/05-14
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: