Flinke spelarar på j11!
Jenter 11 har no spelt fire kampar i sin første sesong som 7`ar lag. Dei blir stadig tryggare på bana, og viser stor framgang frå kamp til kamp.

Vi er no halvvegs i vårsesongen. Torsdag møtte dei Emblem i Nordøyhallen, og tirsdag møtte dei Brattvåg på Brattvåg gras. Og humøret var på topp, sjølv om eine bildet kan tyde på noko anna :-)
Trenarane Kenneth og Christian har alltid taktikken og pausetalen klar, og jentene er flinke å høyre etter kva som blir sagt.
Foreldra til j11 er super-publikum, og det er mange som møter opp på sidelinja, både på heimebane og bortebane. Kjekt! Vi gler oss til neste kamp!

20/05-14
Av: Kenneth Ulla































5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: