Tap for HaNo damene.
HaNo damene kunne reise heim frå Ørskog med haudet heva etter dagens kamp mot serieledaren.
7-1 til Ørskog var fasit etter kampen, men begge trenarane var nøgde med innsats og tæl i dagens kamp.

Ute på bana var det nok eit lite overtak til heimelaget Ørskog, men dei er ett kjempegodt damelag og våre damer dumma seg på ingen måte ut.

Ørskog var veldig gode og effektive framfor mål, og scora på sjansane sine. Samstundes hadde dei to svært gode stopparar og ein god keeper. Dette fører ofte til at ein vinn fotballkamper.

HaNo damene kjempa heroisk heile kampen, men det heilt store finspelet kom berre glimtvis. Ikkje minst hadde Lise Longva ein trippelsjanse etter halvtimen, men ballen ville ikkje i mål.

Ørskog leda 5-0 til pause, og i andre omgang scora dei 2 gonger til og leda då 7-0. Då hadde HaNo hatt so mange sjanser at vi var veldig lystne eit mål. Vi meinte vi fortente det.

I det 90 minutt vinn Judith ballen midt på bana. Ho utfordrar stopparen til Ørskog slik at Julie får springe seg fint fri. Julie får ballen og set den kontrollert forbi Ørskogkeeperen. Jubelen sto då høgt i HaNoleiren.

Ein er ikkje fornøgd når ein taper 7-1, og resultatet lyg ikkje, men likevel har vi mange gode opplevelser i denne kampen.

HaNo: Siri, Sonja, Trude, Jeanette, Amalie, Silje, Lise L, Judith, Anne-Marte, Nathalie, Julie, Anna, Kamilla

Mål HaNo: Julie

10/06-14
Av: Hallgeir Remme






Rebekka var flink dommar


Marie opna kiosken, noko som var populært


Godt fornøgde jenter etter kampen



5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: