Sterk prestasjon av HaNo damene.
Det vart berre nesten for HaNo sitt damelag mot tabelleder Ørskog i siste heimekamp for sesongen. Serieledarane måtte slite for å få med seg poeng frå Nordøyhallen.
Med ett par ekle forfall til denne kampen, og eit par småsjuke spelarar, stilte vi til denne kampen utan dei heilt store forventningane.

Og når Ørskog gjekk opp til 1-0 etter berre 3 spelte minutt var liksom alt slik det skulle vere.

Julie var ikkje einig i dette, og etter 5 minutt kranglar ho til seg ballen på Ørskog sin banehalvdel. Mister ballen, og krangler den til seg igjen og skyt den i lengste hjørnet, utagbar for Ørskog sin keeper.

No er det litt fram og tilbake. Ørskog prøver å køyre på for utligning, men det er mykje bomming på dei, og når dei treff mål er Lena der og avverger. Dei presser ganske hardt på i perioder, men HaNo er ikkje ufarlege når dei går i angrep dei heller. Og når HaNo kontrer og Julie får ballen på høgre sida, legg ho inn til Kari. Desverre sklir ballen av foten til Kari slik at den treff utanfor målet.

Etter 20 minutt er det litt klabb og babb inne på Ørskog sin halvdel. Kamilla vinn ballen, og i trengt posisjon fyrer ho av eit skot som snik seg inn ved stolperota. 2-1 til HaNo.

Andre omgang starter ganske jamnt. Set er litt småsjanser til begge lag, og det er Ørskog som får første målet. Ein av deira spelarar får stå umarkert inne i HaNo sitt felt, og ho triller ballen i mål. Då er det spelt 11 minutt av andre omgang.

Etter 28 minutt er det eit \"mislykka innlegg\" som daler over Lena og inn i mål. Det var nok fortent at Ørskog gjekk i leiing, men litt surt måten målet kom på.

Utover i omgangen er det ganske mykje fram og tilbake. Lena må i aksjon fleire gonger, men HaNo har og sine store sjanser. Blant anna er Julie nesten åleine med keeper, og på overtid skyt Kamilla i stolpen.

Det er mange HaNo damer som spelar ein kjempekamp. Lena i målet er nemnt, Lise og Trude som spelte forsvar mesteparten av kampen heldt også høgt nivå. Judith dominerte til tider midtbana sentralt. Kari, Jeanett, Kamilla, Veronica og Hege jobba knallhardt på kantane, og Julie spelte ein kjempekamp på topp.

Sjølv om poenga uteblei denne gongen, var det ein fornøgd gjeng som avslutta kampen i Nordøyhallen.


14/10-14
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: