Tap mot Vestnes/Varfjell
Herrelaget tapte til slutt 6-2 på Vestnes idrettspark laurdag. Jan Egil Ulla ga HaNo leiinga etter 20 gode HaNo - minutt. Heimelaget putta 4 før pause, og to nye på tampen. Lars Petter Haram reduserte til 4-2. Vestnes/Varfjell vann fortent, sjølv om HaNo hang godt med i perioder.
Kampfakta:
Vestnes/Varfjell-HaNo 6-2 (4-1)
Mål:
0-1 Jan Egil Ulla (9)
1-1 (17)
2-1 (19)
3-1 (24)
4-1 (41)
4-2 Lars Petter Haram (82)
5-2 (85)
6-2 (89)
Dommar:

HaNo rulla opp mange fine angrep første kvarteret. Lars Petter Haram avslutta i tverrliggar etter fem minutt. Alexander Eide kom mykje med på venstresida, og midtbana var aggressiv. Vestnes/Varfjell hadde ein roleg inngang til kampen, og blei litt tatt på senga av HaNo. Ingenting å seie på 0-1 av Jan Egil Ulla etter ni minutt. Fin skotfinte i forkant av målet.

V/V tek over
V/V utlikna med ein flott enkeltmannsprestasjon av Tommy Kanishi Andreassen. Skotet frå 20 meter var utagbart for Øystein Bergheim. No var heimelaget i gang. 2-1 kom etter innlegg frå høgre. Rutinerte og alltid målkåte Ronny Leikarnes headda vakkert ned i nærmaste hjørnet. Men presset i forkant av innlegget var ikkje bra av oss! 3-1 kom etter nytt innlegg. Denne gongen frå venstresida. 4-1 kom rett før pause i ein periode V/V dominerte stort. HaNo greidde ikkje å henge med på tempoet heimelaget skrudde opp.

2. omgang godkjent
Den andre omgangen hadde V/V ballen mest. Fleire sjansar hadde dei også etter kvart. To i stengene mellom anna. Den eine ofra Andreas Fjørtoft seg godt på. Jan Egil Ulla og Vegard Halkjelsvik kombinerte glimrande, men avslutninga frå Cato Longva gjekk ikkje i nota. Etter fleire gode legg frå høgre greidde til slutt Lars Petter Haram å redusere til 4-2. Heimelaget fekk likevel to på slutten, og 6-2 til slutt. Eit litt ”stygt” resultat kanskje, med så mange baklengs. Det gir HaNo arbeidsoppgåver til dei neste kampane. Periodevis var det likevel mykje bra tendensar, som gir laget sjølvtillit til å våge og spele ball vidare!

HaNo (4-3-3):
Øystein Bergheim-Kristian Kalvøy, Michael Austnes, Kenneth Ulla, Jonas Longva- Jan Egil Ulla (k), Cato Longva, Lars Petter Haram- Åge Flem Ulla, Stig Frode Longva, Alexander Eide.

Nytta innbyttarar: Vegard Halkjelsvik, Dag Peter Olsen, Demir Haram, Andreas Fjørtoft, Kent Inge Klokk, Odd Einar Molnes.

31/01-09
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: