HaNo slo Lepsøy
HaNo vann 4-0 over Lepsøy på Rognebana torsdag kveld. Jan Egil Ulla skåra to, medan spissane Kent Inge Klokk og Stig Frode Longva putta kvart sitt utover i andre omgang.
2.04.09, Rogne gras.
Kampfakta:
HaNo-Lepsøy 4-0 (1-0)
Mål:
1-0 Jan Egil Ulla (17)
2-0 Jan Egil Ulla (51)
3-0 Stig Frode Longva (73)
4-0 Kent Inge Klokk (84)
Dommar: Rolf Longva, HaNo.

Jan Egil Ulla blei første omgang sin einaste målskårar. Eit langt framspel blei godt mottatt, og han fekk ballen forbi Bjørnar Seth i Lepsøy-målet. Der var nokre sjansar til for heimelaget gjennom omgangen, men Bjørnar og forsvaret fekk rydda opp. Lepsøy hadde nokre skotforsøk, men Lasse Buch blei ikkje sett på dei svært store prøvene i førsteomgangen.

Ny god andreomgang
Jan Egil dobla laget og sin eigen skåringskonto fem minutt ut i omgangen. Ein fin enkeltmannprestasjon, med avslutning frå 20 meter. Pasningskvaliteten og samhandlinga defensivt var variabel i midtbaneleddet, og det første kvarteret av andre omgang hang Lepsøy med. Frank Gjerde blei riven ned i feltet, men Alexander Eide greidde ikkje å lure Lasse på straffesparekt. Ei god redning!

Null bakover
Dei unge på midten viste god løpskraft, og HaNo var dominant i siste halvdel. Positivt med dødballmål også: Vebjørn Steen sitt legg blir kriga vidare av både Cato Longva og Kent Inge Klokk før Stig Frode Longva dundrar ballen i mål. Sistemålet blei likevel det vakraste. Vegard Halkjelsvik nyttar silkefoten, den høgre, og når Cato Longva på høgrekanten som legg perfekt inn til Kent Inge. Unge lovande Klokk fastsette dermed sluttresultatet til 4-0 med si fjerde treningskampskåring i vinter. Forsvaret heldt godt stand. Talet sjansar i mot (ei berga straffe og nokre avslutningar til mot Lasse/Henrik Åkre) var godkjent. No skal det trenast godt i påska før Midsund kjem på besøk, også det på Rognebana, 2. påskedag.

HaNo (4-4-2):
Lasse Buch- Odd Einar Molnes, Michael Austnes, Kenneth Ulla, Demir Haram- Ove Otterlei, Cato Longva, Åge Flem Ulla, Vebjørn Steen- Stig Frode Longva, Jan Egil Ulla.

Nytta innbyttarar: Lars Åkre, Kristian Kalvøy, Kent Inge Klokk, Vegard Halkjelsvik, Henrik Åkre.


02/04-09
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: