Brattvåg klart best
Brattvåg var klart best i alle fasane av spelet og vann fortent 7-2 over HaNo. Ved pause stod det 4-1, og også i andre omgang sleit HaNo med aggressive heimespelarar som ville klart mykje meir enn gjestane i alle duellar og ikkje minst i avgjerande situasjonar.
Brattvåg klart best

3.div kvinner, Brattvåg kunstgras:
Brattvåg-HaNo 7-2 (4-1)
Mål HaNo: Linda Kristin Haram 2
Dommar: Mikal Skodjereite, Skodje.
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Britt Tove Vedeld
2 poeng: Tone Austnes
1 poeng: Linda Kristin Haram

Brattvåg var klart best i alle fasane av spelet og vann fortent 7-2 over HaNo. Ved pause stod det 4-1, og også i andre omgang sleit HaNo med aggressive heimespelarar som ville klart mykje meir enn gjestane i alle duellar og ikkje minst i avgjerande situasjonar.

Av Odd Einar Molnes

Vibecke Krogsæter fekk ikkje mykje rom, men sleit seg likevel fri etter 12 minutt nok til å servere Marianne Otterlei som gjorde 1-0. Chanielle Leine gjorde 2-0 på eit godt langskot etter 20 minutt. Igjen fekk ein BIL-spelar litt for god tid på seg til å gjere noko med ballen. Etter dette kom HaNo meir med i kampen, og Linda Kristin Haram reduserte frå kort hald berre to minutt etter. Same spelar heada i tverrliggar etter ein corner-situasjon, men dessverre for HaNo kom ikkje utlikninga. I staden var det BIL som fekk to skåringar før pause. Krogsæter stod i offside, men fekk likevel gjere 3-1 av dommar Skodjereite. Mariann Otterlei auka til 4-1 rett før pause.

Stygge siffer
Vibeke Flem er uheldig med ei avklaring, medan sikringa ikkje er til stades på 5-1. Ingrid U. Fjørtoft skårar åleine med Sybell Rogne. 6-1 er kanskje symptomatisk for HaNo denne gongen: Catrine Vatle er i utgangspunktet markert på eit hjørnespark 30 meter frå mål, men det er ikkje så nøye å følgje godt nok med, og dermed gjer ho enkelt mål i HaNo-feltet. Mariann Otterlei dunkar inn sitt andre til 7-1 fem minutt før full tid, før Linda skårar sitt andre og reduserer til 7-2 med ein flott lobb.

Lysta til å vinne
Det heitest at ein skal gløyme fortast mogleg slike kampar. Det skal vi gjere også, men enkelte ting er noko vi må ta tak i komande kampar:

1. Lysta til å vinne duellar og dermed kampen.
2. Vere langt meir ærgjerrig på å markere vekk og rydde vekk i duellar framfor mål.
3. Lysta til å ha ballen, og å få den til ein medspelar.

BIL gode
Ved sida av kunstgasbanen låg ei strøken grasbane i Brattvågen, men sjølvsagt valde heimelaget å spele på den kunstige sorten. Men om det hadde hjelpt å spele på gras er nok usikkert. For Brattvåg var solid organisert, motiverte og opplagte og slapp ikkje HaNo til med kontant forsvarsspel. Krogsæter og Otterlei på topp var ikkje lett å halde styr på. I sum fekk BIL-midtbana dominere for mykje til å spele ballen vidare opp. Heldigvis har HaNo eit forsøk til mot BIL i år. Den går på gras, la oss håpe det hjelp ein god del. Gras blir det også på laurdag kl 1430 då Stranda kjem på besøk. Då skal HaNo rette opp inntrykket frå Brattvåg-kampen.

HaNo (4-4-2)
Sybell Rogne- Tone Austnes, Julie Longva, Elisabeth Longva, Silje Haram- Britt Tove Vedeld, Vibeke Flem, Lise Tomren, Sunniva Tomren- Linda Kristin Haram, Kai Longva.
Nytta innbyttarar: May Britt Longva, Marita Longva, Ingrid Kjerstad.

27/06-08
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: