Trenarsamling med Aafk
Merk av tysdag 19. mai kl 17.45 - 20.00. Då kjem Amund Skiri saman med ein av dei andre i Aafk for å ha trenarsamling på Austnes. Alle trenarar, oppmenn, seniorar og foreldre er invitert!
Aafk har eit opplegg saman med Fotballkretsen der dei er på runde i klubbane. Temaet er trening av barn og unge.

Først vert det ei kort økt inne med gjennomgang av litt enkel teori, og det vert planlagt ei trening.

Så vert det gjennomført ei trening ute der eit av HaNo sine lag vert trent av Amund Skiri. Her vert det mange tips å plukke opp!
Vi håper at så mange som råd er kan sette av 2 timar på tysdag.

Meir info når det nærmar seg!

13/05-09
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: