ENDELEG!!!!!!!
Endeleg kunne HaNo-damene juble for seier. HaNo slo Åram heile 9-0 på Nordøy stadion torsdag kveld. Måla vart sett inn av May Britt, Britt Tove, Lise, Sunniva(3)og Trude(3).
Eit godt HaNo-lag utspelte Åram og dominerte frå start til slutt.

HaNo var fast bestemte på at dei ville gå til ferie frå seriefotballen med seier i siste kampen på denne sida av sommaren.

Og damene tok tak frå første sprak på ballen. Pasningane sat, løpa sat og innsatsen var framifrå.

Dette gjorde at HaNo kunne overkøyre Åram heile kampen. Sjansestatistikken seier 23 - 2 til HaNo. Og då er vi snille med Åram.

I denne kampen viste laget ein god del av dei momenta som har vore satt fokus på i det siste. Det er kjekt å sjå for dei so har med laget å gjere.

Også dei yngre kjem no meir og meir med. Dei vert tryggare både i forhold til medspelarane og areidsoppgåvene. Det lovar godt på sikt. Mellom dei yngste på laget var det Siri framheva seg særskilt denne gongen.

Måla kom slik:

9 min: May Britt
20 min: Britt Tove
25 min: Sunniva
30 min: Trude
49 min: Lise
66 min: Sunniva
70 min: Sunniva
74 min: Trude
87 min: Trude

Laget:
Kristin, Elisabeth Y, Vibeke, Sybell, Silje, Ane, Lise, Britt Tove, Sunniva, May Britt, Trude.

Nytta innbytarar:
Anna, Nina, Sonja, Seline, Siri.

Dagens HaNo-spelar: Lise

Frå stjernebørsen har vi fått denne meldinga:

*** Lise
** Sunniva
* Britt Tove

Damene tek fri fram til onsdag då det er trening på Austnes kl.17.15

Neste helg er det Øyacup på Fjørtoft.

Neste seriekamp er mot Sykkylven på Nordøy stadion 16.august.

25/06-09
Av: Lars Ulla







5 siste nyheter fra :
Kretsmesterane imponerte.
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen


Hovudsponsorer: