Seier over FK Sykkylven
Damelaget tok idag en fortjent 5-1 seier over FK Sykkylven på Nordøy Stadion. Målskårere for HaNo var: Lise Tomren, Kari Longva, Elisabeth Longva, Linda Kristin Haram og Julie Longva
Gode og effektive HaNo
3.div kvinner, Nordøy stadion:
HaNo-Sykkylven 5-1 (1-0)
Mål:
1-0 Lise Tomren (14)
2-0 Kari Longva (46)
3-0 Elisabeth Longva (60)
4-0 Linda Kristin Haram (72)
5-0 Julie Longva (77)
5-1 (90)
Dommar: Norvald Lausund, Lepsøy IL.
Dagens HaNo-spelar: Britt Tove Vedeld
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Britt Tove Vedeld
2 poeng: May Britt Longva
1 poeng: Kari Longva

HaNo har hatt store problem med å omsetje sjansar i mål den siste tida. Mot Sykkylven gjekk det så mykje betre, med skåringar både på dødball og etter fine angrep. 5-1 sigeren var solid.

Av Odd Einar Molnes

Britt Tove Vedeld testa skotfoten i det 14. speleminuttet etter gode kombinasjonar på høgrekanten med May Britt Longva, som var aktiv og god gjennom heile kampen. HaNo tok styringa, og leiinga skulle kome: Sunniva Tomren slår presis corner, og midtbanegeneral Lise Tomren set ballen sikkert i mål med hovudet. Resten av omgangen dominerer HaNo, men kjem ikkje til andre store sjansar etter målet enn eit gjennomspel som Elisabeth Longva avslutta på ein god Sykkylven-keeper.

Ketchup-effekt i andre!
Mellomnøgde HaNo-jenter gjekk til andre omgang med semje om å gire eit hakk opp. Resultatet lot ikkje vente på seg. May Britt og Britt Tove vinn igjen ballen på høgresida. Linda Kristin Haram får innlegget, ho går ned til dødlinja og legg ut igjen til Kari Longva som skårar 2-0 få sekund ut i omgangen. Eit flott angrep! Kari Longva fekk sjansen igjen, men mottaket blei såpass dårleg at ho i staden serverer Elisabeth Longva som kjem i stor fart. Ho set ballen over og til side for målvakta. No skårar HaNo endeleg på sjansane!

Tett i toppen
Toppskårar Linda Kristin Haram ville også kome på skåringslista. Kari skaut i stonga, og på returen skåra Linda, også denne gongen ei god avslutning forbi keeper. Sykkylven ropa på offside, men dommar Lausund meinte Linda var på rett side i det Kari skaut. Julie Longva skåra dagens andre på corner. Sunniva nok ein gong servitør. Einaste skår i gleda var at HaNo ikkje heldt nullen. Sykkylven skåra eitt minutt på overtid etter at dei litt for lett kom gjennom forsvaret. Ein kamp står att før Øyacup på heimebane og nokre ferieveker for HaNo-damene. Herd jr. ventar heime allereie onsdag. Ein varierande vårsesong sett med HaNo-auge kan likevel ende bra med siger i den kampen. Bortsett frå Fortuna2/Guard har mange av topplaga avgitt poeng den siste tida, og tabellen bak leiarlaget er jamn med Herd, Volda, Brattvåg og HaNo som nærmaste utfordrar.

29/06-08
Av: Kenneth Hansen







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: