Giske-HaNo på fredag
Herrelaget har tre seriekampar att av sesongen. Fredag reiser laget til Giske, og med siger her kan HaNo sikre plassen om kvalifisering til 4. divisjon. Kvalifisering seier du? Les meir om opplegget i denne saka.
For det er nemlig slik at det ikkje går an å rykke direkte opp til 4. divisjon i år. Divisjonssystemet er lagt om på Sunnmøre. 6. divisjon er utkutta, og det er tre avdelingar i 5. divisjon. Vegen for å rykke opp er no slik at dei to beste laga frå kvar avdeing i 5. divisjon spelar i ein kvalifiseringsserie med 6 lag, der det blir spelt enkel serie med 5 kampar på kvar. Dei tre beste laga i denne serien rykkjer opp til 4. divisjon.

HaNo spelar i avdeling 3, og ligg for augneblinken på 2. plass, 2 poeng bak Ellingsøy. Lepsøy, Ravn og Harøy ligg på plassane bak. Heile tabellen finn du om du klikkar på herrelaget, og deretter Tabell & Terminliste i menyen til venstre her på HaNo-sida.

Vinn HaNo fredag, så er ein sikra plass i kvalifiseringa. Men Giske har vist seg frå ei langt friskare side i haust enn i vår. 2-2 mot Brattvåg 2 heime, og ikkje minst 3-3 på Vatne for to veker sidan tyder på at dei er eit heilt anna lag. Så her må det mobiliserast frå alle mann! Dersom du vil vere med som tilskodar, er det muligens plassar ledig på båten. Kontakt i så fall oppmann Frank Rogne. Avreise frå Austnes fredag kl 1600.

15/09-09
Av: Odd Einar Molnes






Lars Åkre er tilbake frå 4 veker på sjøen, og Cato Longva tek som vanleg plass på sentral midtbane.



5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: