Viktig siger til HaNo
Dei som trudde at kvalik-klare HaNo skulle få det enkelt då laget møtte Ravn heime søndag, måtte nok tru om att.
5. divisjon:
HaNo – Ravn: 4 - 2 (2– 1)
Nordøy gras
41 tilskuarar

Mål: 1 – 0 Jan Egil Ulla ( 20 min)
2 – 0 Jan Egil Ulla ( 22 min)
2 – 1 Ole Birger Nergård ( 30 min)
2 – 2 Øyvind Farstad ( 57 min)
3 – 2 Lars Petter Haram ( 70 min, str)
4 – 2 Kenneth Ulla ( 73 min)

Dommar : Odd Grande, Skodje
Gult kort: Lars Petter Haram, HaNo, og Magnus Sperre Tennfjord, Ravn

Tekst og foto: Gunnar Standal

Dagens HaNo-spelar: Kristian Kalvøy

Heimelaget:
Henrik Åkre, Kristian Kalvøy, Per Kristian Klokk, Michael Austnes, Vegard Halkjelsvik, Asgeir Nogva, Cato Longva, Lars Petter Haram, Åge Flem Ulla, Jan Egil Ulla og Kenneth Ulla.
Desse hoppa inn frå benken: Odd Einar Molnes, Lars Åkre, Stian Haram og Demir Haram

Gjestelaget:
Holgeir Tovås, Øyvind Krogsæter, Knut Egil Lid, Øyvind Farstad, Ole Magnus Klokset, Jørn Killingmo, Eivind Ulla, Jørn Heggelund, Kim Andre Krogsæter, Trond Hamre og Ole Birger Nergård.
Innhopp frå: Magnus Sperre Tennfjord og Frank Løvik

Trenar Erlend Fjørtoft har gjort Ravn til eit godt trena og godt organisert lag. Rett nok gjekk HaNo i føringa med 2 – 0, noko mot spel og sjansar. Men Ravn gav aldri opp og med ein halv time att å spele, hadde gjestane utlikna. Kampen stod og bikka! To kjappe HaNo-mål avgjorde den jamne kampen.

Ravn opna best, vann duellane og kom til avslutningar. Trond Hamre skaut eit frispark like over mål. Men utteljing var det HaNo som fekk. Jan Egil Ulla treng ikkje mange tilbod før ballen ligg i nota. Først fekk han tid til å sikte frå vel seksten meter, og ballen sneik seg inn ved lengste stolpe bak gjestemålvakt Holgeir Tovås i full strekk. Like etter fekk Ulla sjansen etter eit frispark frå Asgeir Nogva og lurte nummer to i mål etter mølje i gjestefeltet. Like etter fekk bror Kenneth sjansen til å putte nummer tre etter ei flott kontring, men bomma på det presise legget frå Asgeir Nogva. Så var det gjestane sin tur til å lykkast. Ole Birger Nergård reduserte då han først lurte forsvaret og så runda målvakt Henrik Åkre og sette ballen i mål frå skrått hald. Flott gjort!

Andre omgong starta med frispark til HaNo som Lars Petter Haram skaut over mål. Ravn kontra og eit innlegg small i tverrstonga over Henrik Åkre. Så fekk Øyvind Farstad sjansen etter hjørnespark og klistra utlikninga i vinkelen. Greitt nok så langt. Kampen var jamn. To gode lag viste til tider sjanseskapande og godt spel trass glatt bane og sterke vindkast. Men HaNo viste rutine siste halvtimen. To kjappe mål avgjorde kampen. Etter halding i feltet dømde Grande straffespark til HaNo. Lars Petter Haram heldt hovudet kaldt og sende målvakt Tovås til høgre og ballen til venstre. Like etter strekte Kenneth Ulla seg i full lengd og sklei eit presist innlegg frå alltid aktive Asgeir Nogva på vestrekanten i mål.

Dei to beste laga frå kvar av dei tre avdelingane i femte divisjon spelar kvalifisering om opprykk. Tre av seks lag rykker opp til fjerde. Laget som vinn avdelinga si, får tre heimekampar. Nummer to får to heime og tre borte. HaNo møter Ellingsøy borte i kamp om tabelltoppen. Med siger søndag toppar HaNo si avdeling og får tre heimekampar. Viktig! Sesongen er enno lang! Det er berre å skjerpe oppmøte og innsats på trening. Tempo og innsats på trening gir tempo og innsats i kamp.

28/09-09
Av: Kenneth Ulla






Klart for lokaloppgjer


HaNo sin startellevar


Lars Petter Haram fekk blomar for 400 kampar for HaNo


Åge Flem Ulla i farta på høgrekanten


Duell i Ravn sitt felt


Cato Longva fyrer laus


1 - 0 ved Jan Egil. Målvakt Hallgeir Tovås strekkjer seg fånyttes


Mølje framfor Ravn - målet 1


Mølje framfor Ravn - målet 2


Mølje framfor Ravn - målet 3


Før ballen endar hjå Jan Egil...


....som sender ballen sikkert i mål


Asgeir la ned mange meter på venstrekanten


Her suser ballen i nettet etter avslutning frå Øyvind Farstad. Dermed 2-2


Lars Petter skårar sikkert frå 11-meteren


Lars Petter får frispark


Henrik reddar Ravn - frispark



5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: