Tap 2-3 mot MSIL
Herrelaget tapte den andre kampen i playoff til 4.div. Stillinga ved pause var 0-1. Jan Egil Ulla utlikna til 1-1 rett etter pause, men to MSIL-skåringar gjorde at det stod 1-3 midtvegs i andre omgang. Per Jarle Fjørtoft reduserte, men det endte med bortesiger.
Kvalifisering:
HaNo tapte mot favorittane
HaNo – Mauseidvåg/Solevåg IL: 2 - 3 (0 – 1)
Nordøy gras
51 tilskuarar

Mål: 0 – 1 Andreas Havnegjerde ( 06 min)
1 – 1 Jan Egil Ulla ( 53 min)
1 – 2 Trond Gudmundseth ( 57 min)
1 – 3 Carl Petter Berntsen ( 71 min)
2 – 3 Per Jarle Fjørtoft ( 76 min)

God dommar : Rolf Eldvik, Ellingsøy
Kort : Carl Petter Berntsen, MSIL

Dagens HaNo-spelar: Jan Egil Ulla

Dei elleve utvalde:
Henrik Åkre, Kristian Kalvøy, Michael Austnes, Per Kristian Klokk, Vegard Halkjelsvik, Åge Flem Ulla, Lars Petter Haram, Cato Longva, Asgeir Nogva, Jan Egil Ulla og Kenneth Ulla.

Tekst og foto: Gunnar Standal

Desse gjorde sprelske innhopp frå benken:
Per Jarle Fjørtoft, Dag Peter Olsen og Bror Vebjørn Steen

Mykje stod på spel for begge lag då HaNo møtte MSIL i kamp om opprykk til 4. divisjon. HaNo vann første kampen og ville neste vere klare for opprykk med tre nye poeng. Favorittane MSIL tapte overraskande for Skodje og måtte siger for ikkje å bli hekta av.

Begge lag hadde førebudd seg godt og skjøna alvoret. Alt frå avspark vart publikum vitne til to lag med god innsats, høgt tempo og vilje til å angripe. HaNo opna med stor sjanse etter godt legg frå Åge Flem Ulla på høgrekanten, men skotet frå Lars Petter ”LP” Haram gjekk utanfor. Men like etter glapp det i forsvar for heimelaget. Andreas Havnegjerde fekk springe gjennom eit flatt og uorganisert forsvar og lure ballen forbi ein litt uheldig Henrik Åkre i mål.
HaNo kom att. Godt spel på venstrekanten gav sjansar til både Jan Egil Ulla, bror Kenneth og ”LP”. Men enten blokkerte eit hardtjobbande forsvar avslutningane, eller ballen trilla til side for mål. Dermed borteleiing til pause.

Andre omgong vart på mange vis lik første. Topp innsats, harde tak og vilje til angrep skapte spenning. HaNo trykte på for å utlikne, og etter flott veggspel med ”LP” i feltet, lykkast Jan Egil Ulla. Vakkert mål! Jubelen varte dessverre ikkje lenge. HaNo rota bort ballen på høgrekanten, og på bakre stolpe stod to umarkerte gjestespelarar. Trond Gudmundseth fekk nikke ballen i mål bak ein sjanselaus Åkre. Offside, meinte HaNo. Nei, meinte dommar og linjemann. Då gode kaptein Carl Petter Berntsen la eit frispark frå langt hald i mål bak ein dekka og passiv Åkre i heimemålet, verka kampen avgjort.

Men HaNo gav seg ikkje. Alltid aktive Asgeir Nogva på vestrekanten trefte med eit av mange gode innlegg, og Per Jarle Fjørtoft nikka ballen i nota mellom beina på Sindre Blomvik i gjestemålet. Skulle HaNo utlikne? Nei, trass mange minutt tilegg i tida klarte gjestane å hindre fleire HaNo-mål. I staden var dei svært nær å auke på overtid, men Henrik Åkre redda flott åleine med Anders Kvasnes.

MSIL er nok beste laget som har gjesta HaNo denne sesongen, og laget viste at tapet mot Skodje nok var eit arbeidsuhell. Laget er samansett av rutinerte og fysisk sterke spelarar, mange med rutine frå spel i høgare divisjonar. Eit ”lettare” HaNo-lag leverte ein svært god kamp, og det hadde ikkje vore noko å seie på uavgjort. Vestrekanten fungerte som vanleg godt, medan høgrekanten vart svært lite brukt.
No må HaNo samle krefter til møtet med nabo Skodje på Austnes-grusen onsdag kveld. Då må det vere eit mål å fordele spelet på begge kantane. Skodje slo overraskande MSIL i første kvalifiseringskampen. Vegen tilbake til fjerde blir ikkje enkel.






17/10-09
Av: Odd Einar Molnes






Lagkapteinane og dommartrioen


Klart for kvalik. til 4. divisjon


Lars Petter med god mogelegheit i starten av kampen


Jan Egil med ny god HaNo - kamp


Det var mange tøffe duellar i MSIL - feltet


Cato i fint driv





Her var det nesten....


Michael med i angrep


Per Kristian skjermer ballen





Per Kristian ragar høgast i lufta








Åge legg inn frå høgrekanten





51 tilskodarar vitnar om den ikkje heilt store interessa


HaNo sine 11 utvalgte



5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: