Vann 4 minutt på overtid
Over 4 minutt på overtid dukka Michael Austnes opp i feltet og sette inn 3-2. Dermed vann HaNo, og sikra seg 3 svært viktige poeng. HaNo leia både 1-0 og 2-1, men Skodje kom tilbake begge gongane. Lars Petter Haram og Michael Austnes 2, skåra for HaNo.
Kvalifisering for opprykk til 4. Divisjon:
HaNo med svært viktig siger
HaNo – Skodje: 3 - 2 (1 – 1)
Austnes grus

38 tilskuarar

Mål: 1 – 0 Sjølvmål ( 25 min)
1 – 1 Eivind Erstad ( 45 min)
2 – 1 Michael Austnes ( 75 min)
2 – 2 Eirik Hjelvik ( 77 min)
3 – 2 Michael Austnes ( 90 min + 4)


Dommar : Steinar Hjelle, Sunnylven
Gult kort : Osvald Giske og Eivind Erstad, Skodje

Stjerner HaNo:
*** Michael Austnes
** Jan Egil Ulla
* Asgeir Nogva

Heimelaget:
Henrik Åkre, Vegard Halkjelsvik,, Per Kristian Klokk, Michael Austnes, Dag Peter Olsen, , Jan Egil Ulla, Lars Petter Haram, Cato Longva, Åge Flem Ulla, Kent Inge Klokk og Kenneth Ulla.
Desse hoppa inn frå ein talrik benk: Asgeir Nogva og Per Jarle Fjørtoft

Tekst og foto: Gunnar Standal

Skodje kom til gruskamp på Austnes med to strake sigrar i kvalikgruppa. ”Vi treng eitt poeng for å sikre opprykk, men går for to!” lova Skodje-trenar Olav Martin Amdam. HaNo stod med ein siger og måtte vinne. ”Vi satsar alt og må ha siger for å henge med dei tre beste,” forsikra Odd Einar Molnes, trenar for HaNo.

Publikum vart vitne til eit jamt og spennande, men ikkje velspelt, oppgjer i flaumlyset. Kampen bølgja. Begge lag skapte sjansar. Begge lag ville vinne. Begge lag viste vilje og innsats. Men siste kvarteret ville HaNo mest og våga mest. Det gav utteljing. Vel fire minutt på overtid sika heimelaget seg tre svært viktige poeng.

Laga gjekk rett i angrep. Kent Inge Klokk skaut godt for HaNo, men gjestemålvakt Jostein Valde slo til hjørnespark. Skodje kontra, men ein opplagd Henrik Åkre i HaNo-målet vann duellen med Ingve Stokkereit. Begge lag var farleg på dødballar, og Lars Petter Haram var nær å ordne heimeleiing då han sette hovudet til eit frispark frå Jan Egil Ulla. I staden var det gjestane som skåra, men i eige mål. Asgeir Nogva kjempa til seg ballen og la inn frå vestre, og framfor mål var ein forsvarar uheldig. Skodje var nær utlikning etter hjørnespark, men ein påpasseleg Vegard Halkjelsvik redde på streken for HaNo. Osvald Giske fekk også sjansen på gjennomspel, men skaut over både målvakt Åkre og målet. Det gjorde ikkje Eivind Erstad då han sprang gjennom eit flatt og passivt Hano-forsvar og ordna utlikning til pause.

HaNo opna frisk etter kvilen. Målvakt Valde måtte gi retur etter frispark, men Kenneth Ulla nikka utanfor. Jan Egil Ulla kjempa godt og vann ballen på høgrekanten, la inn framfor mål, men målvakt Valde redda skotet frå Per Jarle Fjørtoft. Så blei det kanonade mot HaNo-målet etter hjørnespark for gjestane, utan resultat. HaNo slo tilbake. Kaptein Jan Egil Ulla tok ansvar på høgrekanten, krige til seg ballen og serverte fleire innlegg. Først nikka Per Jarle Fjørtoft over. Men neste legg kriga Michael Austnes i mål. Godt gjort! Nok ein gong svarte Skodje, og kaptein Eirik Hjelvik nikka ein retur frå målvakt Åkre i mål etter ein situasjon der HaNo og Dag Peter Olsen skulle hatt frispark etter dytt i feltet. Skulle det bli poengdeling?

Trenar Molnes satsa alt framover. Stoppar Michael Austnes vart sett i angrep og HaNo trykte gjestane bakover og skapte sjanse på sjanse. Men ballen ville ikkje i mål. Dommar Hjelle la til tid for stopp i spelet, og nesten fem minutt på overtid vart kampen avgjort. HaNo fekk frispark. Asgeir Nogva la presist inn mot mål der Michael Austnes kjempa seg fri og stussa ballen vidare i nota. Enorm heimejubel! Trenar Molnes gambla og vann!



21/10-09
Av: Kenneth Ulla






Det er mange år sidan sist obligatoriske kamp på Austnes grus


Men bana var nysladda, nymerka og strøken før kampstart


Kampen var viktig for begge lag. Skodje hadde 6 poeng, HaNo stod med 3


Jubelen stod i taket etter den spennande avslutninga





Matchvinnar Michael saman med ein svært fornøgd trenar Odd Einar


Far Leif var godt nøgd med innsatsen til son Lars Petter


Pukblikum fekk nok ein gong valuta for pengane. Dess karane var godt nøgde etter kampen. F.v Per Olav Vedeld, Ivar Fjørtoft, Geir Olav Otterlei og Jan Rune Ulla



5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: