Treningshelg Harøya
Damelaget til HaNo/Lepsøy og HaNo herrer set neste helg kursen for Harøya og IP Huse-hallen. Rostein Cup går av stabelen laurdag, trening i hallen på søndag. Her følgjer litt info for spelarane. Vi vil ha påmelding til Ingrid eller Odd Einar i løpet av søndagen:)
Til damelaget og herrelaget:
Treningsleir på Harøya- Påmelding!

Her er litt info om turen til Harøya 13.-14. februar.

Laurdag 13.februar
Hurtigbåt
Ålesund 1045
Lepsøya 1125
Haramsøya 1135
Harøya 1200

Ferje
Brattvåg 1040
Ank Harøya 1135

- Dei som har bilar ventar på hurtigbåten og skyssar alle til Huse og IP Huse-hallen.
- Fotballturnering 8-arfotball. Dame og herre. 2 eller 3 kampar på kvar.
o Høve til å bruke varmt klubbrom ved sida av hallen, og garderober. Sal av mat i kiosk i hallen.
- Retur Finnøy sjøhus ca kl 18. Innlosjering på rom.
(Her kan det bli tid til å nytte badeland på Finnøya)
- Tacobuffet ca kl 20.
- Buss til Myklebust, dans på laurdagskvelden. Buss tilbake etter dansen.
(Dansebillett + buss t/r ca 250 kr)
- Dersom nokon må heim att laurdag etter turneringa, så vil vi sette opp ein båt om lag kl 1830 frå Myklebust til Austnes og Kjerstad.

Søndag 14. februar

- Frukost til avtalt tid på Sjøhuset.
- Bruke Badeland for dei som vil.
- Trening i Hallen kl 1200-1430 for HaNo herre/HaNo/Lepsøy damer sin del, begge laga, vi avtalar korleis vi brukar hallen seinare..

Avreise hurtigbåt kl 1435
Avreise ferje kl 1535

Ha med bra med klede, det er minst like kaldt inne i hallen som det er ute, men lite vind og nedbør:)
Hue og tynne treningshanskar er ikkje dumt.

Ta elles med ein ekstra shorts/badedrakt til bading. Og godt humør og treningsvilje!!
Dersom nokon kan stille med bil er det kjempefint!!!

Det seier seg sjølv at dette kostar pengar. HaNo og Lepsøy vil gå inn med støtte til turen (ca 15.000 kroner) Desse pengane vil gå til å betale bensinpengar til sjåførane, tacobuffeten for alle og ein sum for å vere med på turneringa (Hall-leige). Då er det også om lag 250 kroner pr person i sponsing på overnattinga pr person. Med denne sponsinga, blir det ca denne prisen for overnatting, inkludert frukost på søndag på Finnøy Havstuer:

4mannsrom Pr pers 170
3mannsrom Pr pers 290
Dobbeltrom Pr pers 400
Enkeltrom Pr pers 650

Sjå meir på
www.haroyil.no
www.classicnorway.no

Damelaget melder seg på til Ingrid Farstad, medan herrespelarane gir beskjed til Odd Einar Molnes, seinast innan søndag kl 18. Skriv i meldinga om du har avtalt rom i lag med nokon, og om du kan ta bil, for det treng vi. Meld deg også på til oss om du skal vere med laurdag, men treng båt heim att. Dette blir bra kjekt!

06/02-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: