Årsmøte: Fleirbrukshall i 2010
HaNo FK var 25 år i 2009- og i det 26. året er det stor sannsynlegheit for at dei kan vere med på å sette opp ein fleirbrukshall på Austnes. Etter møtet fekk hanofk.no beviset på overlevering av leiarklubba også: Kenneth Ulla overtek leiaransvaret etter Kenneth Hansen.
Hansen kunne i lag med resten av styret legge fram ein sunn økonomi. Over 200 000 i overskot i 2009 skuldast først og fremst god jobbing med sponsorinntekter, eit tilbakebetalt lån frå Haramsøy IL og gode medlemstal. – Men vi kan godt få endå fleire av medlemmane våre til å registrere tippekortet sitt i grasrotandel-prosjektet, oppmoda økonomiansvarleg Anja Haram Flem.

Innandørs fleirbrukshall
HaNo sine mange lag i både yngres- og senioravdeling rapporterte om ein sesong med full aktivitet, og god sportsleg framgong. Saka det var knytt mest merksemd til på møtet var likevel Hall-prosjektet. Per Olav Vedeld i Hall-nemnda meinte at finansieringa er såpass på plass at ein kan starte arbeidet ved påsketider i år, og at den forhåpentlegvis står ferdig i oktober 2010. Haram kommune gav same vilkår for Norborg (kunstgrasbane), Brattvåg IL (fotballhall) og HaNo gjennom svært positive vedtak i fjor. Tippemidlar og sponsorinntekter står for mykje av finansieringa elles. Nemnda har møtt på mykje upløygd mark i dette systemet som går via både kommune, fylket og ulike idrettsorgan.
– Vi har vore 4-6 mann i nemnda, og arbeidd målbevisst i fleire år. No gir dette resultat, sa Vedeld, som også roste samarbeidet med Brattvåg IL, som ligg ganske så likt i løypa om å bygge ein relativt lik hall frå same leverandør.

Ikkje berre fotball
Nordøyhallen ser ut til å gå mot ein hall frå firmaet OB Wiik. Den er ein såkalla isolert hall, der ein tek sikte på å ha ein temperatur på om lag 15 grader også midtvinters. – Ei svært god løysing for skulen også, meinte Vedeld, som opplyste at det 69 meter lange og 45 meter breie kunstgrasdekket blir av nyaste og beste sort. Ein garderobedel inkludert teknisk rom skal ligge inntil, men utanfor sjølve hallen. Hall-nemnda la vekt på at dette er ein fleirbrukshall, og at sportsgolv (20x40 m) og klatrevegg også skal på plass. For andre foreiningar på øyane skal hallen vere klar til bruk for konsertar, messer m.m.

Alle verv på plass
Det avtroppande styret takka alle frivillige for innsatsen i 2009. Ein gav spesiell ros til valnemnda som hadde alle namn på plass til det utalet med verv som skal til for å drive ein klubb. Påtroppande leiar Kenneth Ulla får med seg dette styret i HaNo FK i 2010:

Kenneth Ulla- leiar
Per Olav Vedeld- nestleiar
Jan Henning Haram- økonomiansvarleg
Anja Haram Flem- 1.styremedlem
Severin Longva- 2. styremedlem
Peter Aksnes- 3.styremedlem
Siv Ulla Otterlei- sekretær
Børge Nogva- 1. varamedlem
Svein Ove Dypvik- 2.varamedlem



09/02-10
Av: Odd Einar Molnes






Kenneth ut og inn: Ulla tek over etter Hansen.


Anja, Per Olav, Siv, Børge og Severin står på Kanneth Ulla si side. Ved Kenneth Hansen står nokon med blomster og takk for innsats: Solveig, Konrad og Oli-Anne.



5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH


Hovudsponsorer: