Vi er i gang!
Laurdag starta så vidt det praktiske arbeidet med Nordøyhallen. Det er ein del tre som skal fellast mellom grasbana og grusbana. Så då er vi igang!
Etter ein god del hundre timar med planlegging, kunne dei første praktiske dugnadstimane leggast ned i laurdag. Ivar, Per Arne, Geir Olav og Kenneth ga seg i kast med å felle trea mellom grasbana og grusbana. Det må til for å få utbetra vege, samt å rette ut svingkurva heilt oppe ved grusbana. Det er ein del store bilar som skal opp i løpet av dei neste månadane.

Gjengen i hallnemda var samde om at det var godt å kome igang. Det regna tett, så det vart ikkje den lange økta denne gongen. Etter kvart vil vi sjølvsagt ha bruk for hjelp til både det eine og det andre. Då håper vi at folk stiller opp, for dette blir jammen bra!

Kontrakta med O.B Wiik er signert, og det er klart at det vert ein isolert hall på 45*69 meter. Kunstgraset er klart, og det same er planar for grunnarbeid. Byggesøknaden er snart klar, slik at det verkelege byggearbeidet kan ta til i april/mai. Då er det forskaling og støyping av ringmur som står på programmet.

21/03-10
Av: Kenneth Ulla






Geir Olav oppe i det første av dei store grantrea. Dei halla feil vei, så vi måtte bruke tau for å få dei til å ramle rett veg



5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH


Hovudsponsorer: