Sikkert vårteikn....
|
Då har det skjedd det som brukar å skje; eit av damelaga i vår divisjon trekkjer laget sitt før seriestart. Blindheim/Fortuna 3 er no borte frå årets 3. divisjon.
|
Terminlista vert ståande som den er, men då utan kampane mot Blindheim/Fortuna3. HaNo/Lepsøy sin kamp 23. juni, og returoppgjeret 17. oktober går dermed ut. HaNo/Lepsøy sin sesong vert dermed 1 veke kortare.
Dermed har 2 lag forsvunne etter at terminlista var klar. Hødd2 forsvann i mars, og no altså Blindheim/Fortuna3. Dette har nærmast vorte ein tradisjon i damefotbbalen, og er ikkje akkurat med på å heve statusen til kvinnefotballen. No får vi berre håpe at resten av laga held ut sesongen, slik at det blir 16 seriekampar.
|