HaNo-siger i opninga
Hano-Lepsøy 2-1. Kenneth Ulla utlikna før pause, og Stig Frode Longva blei matchvinnar ikkje veldig lenge før slutt. Runden elles: Brattvåg 2-Stordal 2-3, Emblem-Ravn 1-1, Giske-MSIL 1-7, HaNo-Lepsøy 2-1, Harøy-Hessa 8-1, Aksla - Stranda 2 4-1

HaNo vann rotete serieopning

Stig Frode Longva si skåring 5 minutt før slutt, var nok til at HaNo vann 2-1 over Lepsøy i seriepremiera. Men det var ingen velspelt kamp dei to naboane serverte publikum.

5. div
HaNo – Lepsøy 2-1 (1-1)
Nordøy stadion
0-1 Johann Klokk Kjerstad (29)
1-1 Kenneth Ulla (41)
2-1 Stig Frode Longva (85)
Dommar: Arild Vegsund, Norborg

Juryen:
*** Vegard Halkjelsvik
** Cato Longva
* Kenneth Ulla

Det var gjestande Lepsøy som kom klart best i gang då årets sesong vart sparka i gang på Nordøy stadion. Anført av ein god Magnus Seth på midtbana, var det bortelaget som tok kommandoen. Ballar i bakrommet mot raske Johann Klokk Kjerstad skapte trøbbel for eit passivt HaNo – lag. Dei store sjansane var det imidlertid langt mellom. Etter knappe halvtimen var det nemde Klokk Kjerstad som sprang gjennom og satte ballen forbi Henrik Åkre i HaNo sitt mål. Etter dette vakna HaNo litt frå dvalen. Det laget presterte første del av kampen var langt under pari. Innsatsen var laber, og pasningsspelet meir eller mindre fråverande. Det var difor ikkje ufortent at eit redusert Lepsøy – lag tok leiinga. HaNo skulle likevel klare å utlikne før pause. Heimelaget sin beste spelar, Vegard Halkjelsvik, slo eit presist innlegg som Kenneth Ulla fekk kasta seg fram og heada i mål. Dermed 1-1 til pause, noko heimelaget kan seie seg mest fornøgde med.

Heimedominans etter pause
Det var eit meir skjerpa HaNo – lag som kom på bana etter pause. Dei blåkledde vann no dei fleste duellane, og dei klarte etter kvart å skape eit visst press. Både Cato Longva og Vegard Halkjelsvik hadde gode skotforsøk, men utan å lukkast. Nærast var likevel Stig Frode Longva med eit skot frå kloss hald, men Bjørnar Seth i Lepsøy – buret redda flott.
Avgjersla skulle kome like før slutt. Eit langt framspel endå hjå Stig Frode Longva som halvbrassa ballen i mål frå 5 meterl. Dermed kunne HaNo juble for 3 poeng mot eit hardtarbeidande Lepsøy – lag. HaNo kan vere nøgde med å få med seg poeng på ein dag då både innsatsen og spelet var langt unna det nivået ein må vere på dersom ambisjonen er å kjempe i toppen. Uansett er 3 poeng viktig å få med seg frå serieopninga. Neste utfordring for HaNo sin del er borte mot Hessa, som gjekk på ein skikkeleg smell med 8-1- tap for Harøy i sin første kamp. Lepsøy får besøk av Giske.

14/04-10
Av: Odd Einar Molnes






Frank ordnar ut i garderoba før kamp


Odd Einar med dei siste beskjedane før kamp





Kenneth, Vegard og Stig Frode



5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: