God seriestart for J16
J16 hadde sin første kamp i dag mot Harøy på Austnes gras. Det var ein spanande kamp som enda 5-3 til HaNo. Målscorarar HaNo: Emily Smith, Solveig Aksnes, Anna Austnes, Cecilie Kalvøy og Ane Buner.
Kampen starta med eit godt Harøy spel, som enda med 1-0 til Harøy etter 5 min. Etter dette vart HaNo skjerpa, og etter godt spel med fleire sjansar reduserte Emily Smith til 1-1 etter 17 min. Det var eit godt langskudd som gjekk over keeperen til Harøy. HaNo har fleire gode sjansar med blant anna debutantane Kamilla Standal og Kristina Ulla. Elise Klemetsen jobbar hardt og godt og gir fleire gode pasningar.

Harøy hadde også fleire gode angrep, men forsvaret til HaNo var gode og Hanna Sylte stod stødig i mål. Etter god forsvarsjobb frå Eli Rogne og Veronica Johnsen Flem fekk Cecilie Kalvøy ballen. Ho finta seg lengre opp i bana og sentra ei god pasning til Solveig Aksnes, som sette ballen stødig nede i hjørnet. 2-1 til pause.

Etter pause starta Harøy med eit godt angrep. Men HaNo var forberedt og jobba godt heim. Igjen hadde HaNo fleire gode angrep med Cecilie Olsen, Anna Austnes og Emily Smith. Etter 55 min. etter eit flott HaNo angrep sette Anna Austnes inn 3-1 målet. Men berre 3 min. seinare reduserte Harøy til 3-2. Nervøse trenarar og foreldre på sidelinja heia det dei kunne, og jentene haldt fram med det gode spelet!

Eli Rogne og Kamilla Standal hadde fleire gode sjansar. Og etter ein god corner frå Emily som kom i retur scora Cecilie Kalvøy, og stillinga vart 4-2. Igjen kom Harøy sterkt tilbake, og sette inn enda eit mål. 4-3. Spanande kamp med andre ord. I det 77 min. hadde Cecilie Kalvøy eit godt innlegg som Ane Buner druste i nota. 5-3 til HaNo. Like før slutt hadde Veronica Johnsen Flem eit hærleg skot like utanfor. Kampen enda 5-3 til HaNo.

Bilete kjem.

05/05-10
Av: Ane Forr Austnes







5 siste nyheter fra J16:
J16 Harøy - HaNo/Lepsøy 5-4 (1-1)
J16-siger over Vartdal
J16-siger over Vartdal
INNLEVERING AV DRAKTER
Tap mot Hessa


Hovudsponsorer: