7-arlaget med tap mot Sykkylven
Sykkylven-HaNo 8-2. To skåringar av Erlend Hagen og Kristian Klokk pynta på resultatet for eit ferskt HaNo-mannskap, der fleire har hatt ein god del års fråver frå obligatoriske kampar!
7-arlaget 10.mai: Sykkylven-HaNo 8-2 (5-1)
Mål HaNo: Erlend Hagen og Kristian Klokk

7-arlaget fekk ikkje så mykje hjelp frå a-stallen med folk denne gongen, då det er kamp i morgon mot Giske i 5. divisjon. Men Steven Haram skrapa i saman eit godt samansett lag, beståande av ein god del gode gamle HaNo-namn, då mest frå alderbestemt fotball! Erlend Hagen og Kristian Klokk skåra HaNo sine mål. Det stod 5-1 til pause, så laget hadde nok vunne om det hadde vore tre omgangar, tatt dei på kondisjonen:)

Desse 9 forsvarte dei blå fargane på Sykkylvs-grusen: Daniel Grebstad, Martin Åkre, Stian Longva, Per Olav Sunde, Kristian Klokk, Erlend Hagen, Steven Haram, Kent Inge Klokk og Torbjørn Standal.

11/05-10
Av: Odd Einar Molnes






Erlend og Kristian er godt fornøgde etter kvar sitt mål.



5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: