HaNo/Lepsøy tapte jamn kamp
HaNo/Lepsøy spelte sin første heimekamp for året då dei møtte Spjelkavik på Nordøy onsdag. Heimelaget hang godt med i perioder, men måtte til slutt gi tapt. Likevel er det framgang å spore frå kamp til kamp.


3. div kvinner
HaNo/Lepsøy – Spjelkavik 0-2 (0-1)
Nordøy stadion
Ca 40 tilskodarar
0-1 (26)
0-2 (72)
Dagens HaNo – spelar: Tone Austnes
Dommar: Magne Krumsvik, Volda

Juryen sin dom:
*** Tone Austnes
** Martha Kjerstad
* Ann Kristin Farstad

Laget:
Ann Kristin Farstad, Martha Kjerstad, Tone Austnes, Sybell Rogne, Anna Longva, Lillian Kjerstad, Ane Forr Austnes, Ingrid Farstad, Eirin Buner, Anna Marøy Austnes.

Nytta innbyttarar:
Seline Hoedemakers, Silje Vindsnes Haram, Linda Kristin Gjerde, Janne Solveig Kjerstad, Natalie Vedeld Dale, Sunniva Seth


Kampen opna med eit visst press frå Spjelkavik si side, men vikarkeeper Ann Kristin Farstad var sikker mellom stengene. Ann Kristin stod sin første 11-ar kamp på svært mange år, og viste gamle takter. Heimelaget kom etter kvart meir med i kampen. Anna Marøy Austnes var nær å få straffe etter felling i feltet, før Trude Haram fekk HaNo/Lepsøy sin største sjanse i 1. omgang. Sybell Rogne slo eit langt frispark, og Trude Haram var åleine gjennom. Lobben gjekk like utanfor.
Defensivt fungerte heimelaget bra, og nekta gjestane rom til sine raske spissar. Etter knappe halvtimen tok Spjelkavik likevel leiinga på eit fint langskot frå 22 meter. Resten av omgangen var det Spjelkavik som hadde eit visst overtak, men utan å skape store sjansar.

HaNo/Lepsøy betre med etter pause
Etter pause var HaNo/Lepsøy i perioder der førande laget. Laget vann duellane, men mangla presisjon og ro i det offensive spelet. Dei sjansane som kom, var etter lange framspel. Natalie Vedeld Dale fekk to sjansar på gjennomløp. Det størst då ho var heilt åleine med keeper, men keeper vann duellen.
Kampen sin gode dommar, Magne Krumsvik, ga Spjelkavik eit noko billeg straffespark etter 25 minutt. Men straffa gjekk i stolpen. Resten av kampen bølga fram og tilbake utan dei store sjansane. Spjelkavik punkterte kampen kvarteret før slutt på eit fint gjennomløp.
For HaNo/Lepsøy er det framgang frå kmap til kamp. Laget har etter kvart ein god defensiv basis. Neste steg vert å få meir flyt i angrepsspelet. Neste oppgåve er Stranda på bortebane.

19/05-10
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: