Gutelaget med tap på Vatne
Tirsdag var gutelaget på Vatne for å kjempe om poenga i sin kamp nummer åtte for året. Men Ravn skulle vise seg å bli det sterkaste laget tilslutt.
Før kampen vart HaNo/Lepsøy einige om å vere aggresiv i presset og å kjempe hardt i kvar einaste duell.
Men det var Ravn som starta best, og allereie etter 5 spelte minutt hadde dei sett ballen i nota. Etter målet kom HaNo/lepsøy litt meir med i kampen, men datt fulstendig saman når Ravn sette in mål nummer to etter 15 min. Etter dette auka Ravn leiinga andre minutt, heilt til det sto 6-0, før dei sette inn 7-0 to minutt før pause. Dei fleste måla kom ved at HaNo/lepsøy ikkje fekk ballen langt nok på utspel og frispark på eigen banehalvdel, slik at Ravn snappa ballen og gjekk rett i angrep. Ofte vart ballen spelt i bakrom på ein rask spiss, som trilla ballen til side for keeper.

I pausa vart HaNo/lepsøy einige om å nullstille seg totalt og å prøve å vinne andre omgang. Gutane vart også einige om å vere mykje meir kyniske bake, og heller slå ballen langt i pressa situasjonar. Det vart også gjort nokre endringar. Mellom anna vart Håkon Haram sett ned på sentral midtbane og Mads Uri ned på midtstoppar, med oppgave å markere Ravn sin raske spiss.

Andre omgang starta bra for HaNo/lepsøy. Allereie etter to minutt fekk Pål forr Austnes ballen på hjørnet av sekstenmeteren og skaut via ein Ravn-forsvarar og i mål. No var det Ravn som sleit med å få tak i ballen, medan HaNo/lepsøy gjekk i fleire angrep. Etter 50 spelte minutt skåra Ravn igjen, etter litt klabb og babb i HaNo/lepsøy sin 16-meter. Men HaNo/lepsøy fortsatte presset, og fire minutt før slutt sette Mert Haram inn 2-8 etter ein flott volley frå 16 meter. Dermed vann HaNo/Lepsøy andre omgang 2-1. Det skal vi ta med oss vidare når Ellingsøy kjem til Austnes på Fredag!

02/07-10
Av: Vegard Halkjelsvik







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: