Først del ferdig støypt
I dag formiddag vart dei første 15 m3 med betong fylt i fundamentet til Nordøyhallen. Per Arne hadde berekna perfekt mengda med betong. Imorgon er det klart for å rive forskaling.
Kl 08.20 kom to betongbilar med betong til fundamentet på nedsida. Kl 10.30 var alt ferdig støypt. Vi fekk løyvde ca 2 bøtter med betong:)

Fredag satsar vi på å rive forskalinga, slik at det er klart til å ta til med ringmuren.

Sålen på øvstesida vert støypt om 1,5 veke.

22/07-10
Av: Kenneth Ulla






Første betongen er på veg ut. Per Arne, Harald og Brian har kontrollen


Harald og Per Arne sørger for at det vert støypt i rett høgde


Sandra var også på dugnad i regnveret





Kenneth hadde den krevande oppgåva med å styre trommelen, medan Per Arne og Harald kosa seg nede i grøfta:)








Vi løyvde så godt som ingenting. Godt planlagt!





Harald, Per Arne, Per Jarle, Brian og Sandra inspiserer betongarbidet



5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH


Hovudsponsorer: