Seier over Sunnylven
Herrelaget tok en viktig 3-2 seier over Sunnylven idag.
Målskårere for HaNo var Lars Petter Haram, Stig Frode Longva, og Per Jarle Fjørtoft
4. divisjon:
Tre viktige poeng til HaNo
HaNo – Sunnylven: 3 - 2 (2– 2)
Nordøy gras
43 tilskuarar

Mål: 0 – 1 Daniel Støversten ( 7 min)
0 – 2 Vidar Even Leite ( 10 min)
1 – 2 Lars Petter Haram ( 20 min)
2 – 2 Stig Frode Longva ( 43 min)
3 – 2 Per Jarle Fjørtoft ( 73 min)

Dommar : Bjarte Steinsbu, Brattvåg
Gult kort : Per Ove Frøysa, Sunnylven

Dagens HaNo-spelar: Åge Flem Ulla

Dei elleve utvalde:
Lasse Buck, Odd Einar Molnes, Michael Austnes, Kenneth Ulla, Vebjørn Steen, Åge Ulla, Lars Petter Haram, Kato Longva , Asgeir Nogva, Stig Frode Longva og Lars Åkre

Desse gjorde innhopp på kort varsel:
Per Jarle Fjørtoft, Eirik Flem Slyngstad og Vegard Halkjelsvik

HaNo kjempa om viktige poeng då laget møtte Sunnylven til utsett kamp på Nordøy stadion måndag. Og heimelaget fekk ein vanskeleg start. Etter ti minutt leia gjestane med to mål. Det såg mørkt ut! Men så kjempa heimelaget seg inn i kampen og dominerte resten av omgongen. Det resulterte i redusering. Tjue minutt før slutt kom rutinerte Per Jarle Fjørtoft på bana og avgjorde kampen med ei lekker skåring med hovudet. Fortent og viktig siger til HaNo.

Første omgong vart fartsfylt og spennande. Gjestane sjokkopna og skåra to mål på tre sjansar. Debutant i HaNo-målet, Lasse Buck, var sjanselaus. Først utnytta Daniel Støversten nøling i HaNo-forsvaret og skaut lavt i mål via stonga. Så sprang Vidar Even Leite gjennom på venstresida og plasserte ballen sikkert ved lengste stolpen.

”Gjesteskåringane såg ut til å fjerne nervane i laget,” forklarte spelande trenar Lars Petter Haram. ”Vi senka skuldrene, vann duellane og fekk flyt i spel og tempo. Endeleg fekk vi vise litt av det vi kan! I dag er eg stolt og glad!” Og LP starta opphentinga ved å setje hovudet på eit presist hjørnespark frå Odd Einar Molnes. HaNo rulla opp eine angrepet etter det andre. Særleg var Asgeir Nogva aktiv på venstrekanten, og dei gode legga skapte sjansar for både Åge Flem Ulla, LP og Stig Frode Longva. Men det måtte ein ny dødball til. Stig Frode Longva kjempa inn eit frisparklegg frå Odd Einar Molnes. Dermed uavgjort til pause.

Andre omgong vart ikkje like sjanserik som første. Gjestane verka køyrde og HaNo kontrollerte kampen utan å skape dei store sjansane. Så kom spissveteran Per Jarle Fjørtoft på bana dei siste tjue minutta. Det skulle avgjere kampen. Nok ein gong kom gode Asgeir Nogva til innlegg frå venstre, og nok ein gong styrte Fjørtoft ballen i mål med pannebrasken. Kaldt og godt gjort! Dermed endeleg heimejubel for tre viktige poeng i kampen om å overleve i divisjonen.
Dommar Bjarte Steinsbu var mellom dei beste på bana.


Gunnar Standal

01/09-08
Av: Kenneth Hansen





















2-2 ved Stig Frode





Demir finpussar teknikken i pausa

















Målvaktdebutant Lasse Buck med bursdag og tre poeng for HaNo



5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: