Ny dugnadsveke i gang
9 stykker stilte friske og raske på dagens dugnad for å få opp Nordøyhallen. Planen denne veka er å verte ferdig med mesteparten av armeringa, samt å forskale ringmuren på eine langsida. Kjekt at det var nokre nye som dukka opp idag, slik at det ikkje vert nokre få som må bygge heile hallen:) Alle er hjarteleg velkomne til å ta i eit tak. Sjå bilder frå dagens dugnad her.
Her er nokre bilder frå dagens 2,5 timers økt

26/07-10
Av: Kenneth Ulla






Mykje av armeringa på langsida nedover er ferdig


Jonas og Bjarne tek ansvar og får plassert hjørnet på hallen på rett plass


Odd Einar har leita seg heim frå ferie, og vart kasta inn i jarnbindarbransjen


Ca 10 tonn med armering går med


Brian er ein av dei med mest dugnadstimar så langt. Her hjelper han morfar Per Arne med kontrollmålinga


Andreas og Geir Olav har allereie lagt ned fleire hundre timar i hallen. Men karane i hallnemda stiller sjølvsagt også på dugnad


Den yngre garde ventar på at hallen skal bli klar. Ventetida vert korta ned med kjeks


Kasper fekk ansvar for å sjekke at armeringa heldt mål


Per Arne og Bjarne sørger for at hjørnet vert rett


Dermed var dagens økt over. No er det klart for å forskale denne langsida.



5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH


Hovudsponsorer: