HaNo sløste og tapte
HaNo burde leia med minst to mål etter ein førsteomgang der både lange ballar og effektive kontringar og overgangar gav svært mange målsjansar for HaNo. Også i andre omgang var det mulegheiter for bortemål, men ingen skåring, og då skjer det som ofte skjer: Motstandaren skårar.

5. div. avd 1, 29.09.10, Ravn stadion.
Kampfakta:
Ravn-HaNo 2-0 (0-0)
Mål:
0-1 Kim Krogsæter (75)
0-2 Thomas Årseth (85)
Dommar: Jan Erik Myklebust, Åmdal IL.
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Michael Austnes
2 poeng: Kristian Furnes
1 poeng: Cato Longva

HaNo hadde to sigrar og ein uavgjort i dei tre siste seriemøta med Ravn. Det såg innmari bra ut i ein sjanserik førsteomgang for å betre ytterlegare på den statistikken. Men Cato Longva, som kom seg til eit utal med sjansar denne kampen, lykkast dessverre ikkje framfor mål. Fleire gode avslutningar PÅ mål var det også, men Holger Tovås var i det umoglege hjørnet. Ravn var også med, men avslutningane deira gjekk anten utanfor eller over.

Ikkje den dagen…
HaNo ville meir også etter pause. Trykket resulterte i mange dødballar, og det blei ofte farleg. Men heimelaget fekk rydda opp, ofte heilt inne på streken. Håkon Haram viste seg fram på topp, og han vendte opp og skaut i tverrliggaren midt i omgangen. Heller ikkje han fekk ballen i mål. Då skjer det som ofte skjer i fotball når eit lag pressar på og ikkje får resultat. Ravn angrip, og ballen endar hos ein offsideplassert Kim Krogsæter, som passerer Henrik Åkre og set ballen i mål. Vanvittig bittert for HaNo, men slik blir det når ein ikkje greier å skåre rette vegen.

Ikkje i flytsone
HaNo prøvde å utlikne, men evna ikkje å kome tilbake og produsere mange sjansane etter leiarmålet. Thomas Årseth la på til 2-0 fem minutt før slutt, med eit skot som skifta retning i ein HaNo-spelar. HaNo er ikkje i flytsonen om dagen, og har plukka berre sju poeng etter sommaren. Det viste seg kanskje i denne kampen også: Innsats og spel var tidvis mykje betre enn på lenge, men måla uteblei, og då blei det også magert med poeng med heimatt på bilferja Kvam ut på kveldinga.

HaNo (4-4-2)
Henrik Åkre- Kristian Furnes, Michael Austnes, Per Kristian Klokk, Odd Einar Molnes- Åge Flem Ulla, Preben Lorgen, Lars Petter Haram, Vegard Halkjelsvik- Cato Longva, Stig Frode Longva.

Nytta innbyttar: Håkon Longva Haram.

29/09-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: