Hallen er komen
Endeleg er delar av hallen på plass ved grusbana. 5 trailarar er komne med diverse utstyr. Det er vel rett å seie at sjåførane ikkje akkurat var super-rutinerte på vinterføre, noko som skapte litt motbakke-problematikk...
5 trailarar med heilårsdekk og sjåførar med lite eller inga erfaring med å legge på kjettingar. Ja då vert det vanskeleg å kome seg opp bakkane opp til Nordøyhallen. Heldigvis dukka Jarle Martin opp, slik at sjåførane fekk litt kjettingspesialistassistanse.
No er første bilen oppe, og stålet til hallen er i ferd med å verte lossa. Så blir det spennande å sjå om resten av bilane kjem seg opp i løpet av dagen.

Oppdatert: No kl 16 har det vore 5 trailarar her. Alle har fått lossa, og alt ligg no klart. Fredag kjem 5 mann som skal sette saman hallen. Dei satsar på å jobbe lange dagar, og ha 2/3 av hallen ferdig til jul.

07/12-10
Av: Kenneth Ulla






Kaos nede ved vegen på morgonkvisten, men det kom seg utover dagen:)


Etter ein del forsøk kom den første bilen seg opp


Så kom den eine etter den andre bilen opp


Trucken er i ferd med å losse bil nr 2











Slik ser altså stålramma til hallen ut








Kassene er i allefall komt rett:)



5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH


Hovudsponsorer: