Sesongen 2011
Som avtroppande herretrenar, og nyleg vald leiar i klubben går eg med mange HaNo-tankar om dagen :) Eg treff også mange som lurer på kva som skjer med herrelaget til neste sesong. Vil berre innleiingsvis seie at eg møter eit klart fleirtal av folk som har god tru, og er motivert for å gjere ein innsats!
2011 trur eg kjem inn i historia som eit merkeår. Nordøyhallen symboliserer noko meir enn berre eit nytt anlegg i Haramsøy/Nordøy Fotballklubb. Også seniorlaget på herresida blir ”nytt”. Store utskiftingar ikkje berre til komande sesong, men dei to-tre føregåande åra, har gitt oss utfordringar mannskapsmessig. Men dette gir også mulegheiter!

Cato, Preben og Henrik bestemte seg tidleg i desember for å gå til Norborg. Eg personleg vil berre ønske dei lykke til, og håpe dei gjer det godt i sin nye klubb. Kvalitetane er der til å lykkast i den nye 4. divisjonen hos alle tre. Norborg har også fått ein fjerde overgang frå HaNo. Hamnsunding Kristian Furnes spelte med oss i haust. Takk for god innsats, Kristian, og du til liks med dei tre hine er hjarteleg velkomen tilbake i blått når det måtte passe!

Samstundes beklagar eg at dei bestemte seg såpass tidleg, før HaNo FK fekk kome med meir av kva som skjer i vår klubb. Vi har framleis dialog med spennande trenarløysingar, og ”Nye HaNo” kan bli ei artig affære å vere med på til neste år. Vi kjem no inn i ein periode der vi må tenkje lenger enn 2011. HaNo FK skal bygge eit nytt lag. Vi har mange spennande unge spelarar i troppa, og sper vi på med eldre, meir rutinerte spelarar som er motiverte for å bygge eit nytt lag, skal vi stå opp att og få opp entusiasmen igjen. For det trengs, etter ein heller laber haustsesong i 2010 når det gjeld humør, entusiasme og oppmøte på trening.

Det er ikkje sikkert vi greier å vinne alle fotballkampar neste år, og kjempe om opprykk til 4. divisjon, men vi skal i lag bygge opp att god treningskultur, godt frammøte, og utvikle laget i rett retning. Sportsleg Utval Senior (SUS) arbeider hardt for å få til støtteapparatet til sesongen 2011. På damesida har dei ein kandidat, og eit spelarmøte om ikkje lenge er det neste som skjer der. Utviklinga i løpet av sesongen 2010 gjekk straka vegen oppover for samarbeidslaget HaNo/Lepsøy, og det ser meget lovande ut med tanke på ei vidareutvikling i 2011!

På herresida arbeider vi hardt for å få ting klart, snarast råd. Eg snakkar jamt med SUS, og det som drøyer litt, er eit endeleg svar frå den kandidaten vi gjerne ser for oss kan gjere ein viktig utviklingsjobb for oss på herresida. Vi treng uansett fleire motiverte bidragsytarar på trenar- og spelarsida som er gira på å jobbe for klubben, både på og utanfor kunstgraset og graset komande sesong. Nordøyhallen vil gi oss eit gigaløft ikkje berre i 2011, men i generasjonar framover. Fytti grisen kva vi gler oss til å sette våre fotballsko på matta. Det er berre nokre få veker fram i tid :)

Mvh
Odd Einar

14/12-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: