La deg rive med!
Har du ei jernrive? Og i tillegg litt god tid på dagtid torsdag? Då er det supert om du og jernriva tek ei økt og finplanerer grus i Nordøyhallen. Onsdag vart halvparten av dei 3000 kvadratmetrane finraka. Idag er det planen å ta resten.
Onsdag var Per Olav, Arne, Kjell, Frode og Lars på plass i hallen frå føremiddagen. Siv og Hege kom i middagstida, og Kenneth litt etter det.
På kvelden var Arvid, Jostein, Per Arne og Geir Olav på plass.

Det går med andre ord slag i slag, og målet er å vere ferdig med finplaneringa til helga.

Her er nokre bilder som Hege tok onsdag:

03/02-11
Av: Kenneth Ulla









Maskina gjer grovjobben, før rivegjengen gjer resten





Arne fremst, Siv til høgre og Kjell med ryggen til


Ca 200 kubikk med grus må til for å få rette nivået





To tålmodige småtassar som observerer dugnadsånda



5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH


Hovudsponsorer: