Nordøyhallen er klar til trening!
Vel 1/2 år etter at arbeidet med bygginga av Nordøyhallen tok til, er det no klart for trening inne. Søndag var over 100 stykker innom for å sjå og teste nyvinninga.

Etter 7 mnd og ca 2500 dugnadstimar, er Nordøyhallen klar til å takast i bruk. Det står framleis att mykje arbeid før anlegget er ferdig som fleirbrukshall, men vi er komne så langt at vi kan ta hallen i bruk til organisert trening.

For mange er det nok meir eller mindre utruleg at ein hall med vel 3000 m2 grunnflate, no står der og skin:) Då planlegginga starta for 2-3 år sidan, vart nok prosjektet sett på som eit luftslott. Men det har vorte jobba godt på mange plan, noko som har resultert i at hallen no står der.

Det er mange positive effektar av ein slik hall, men det aller viktigaste er at dette er ein flott stad for barn og ungar å vere i aktivitet. Det var difor utruleg kjekt å sjå alle ungane som kosa seg i hallen på søndag. Aktivitetsnivået var høgt, og slik skal det vere!

I mai kjem kulturministeren for å åpne hallen. Då skal mykje meir vere på plass. Neste steg er å legge plater på langsidene i hallen. Så er det å få støypt golv i tilbygget, slik at kjøkken og toalett kjem på plass. Vi håper verkeleg at det fenomenale dugnadsånda held seg oppe nokre månader til!

Vi har mange planar og idear om kva anlegget skal brukast til. Kanskje klarer vi å få realisert nokre av dei?;)


Om nokon har ynskje om å leige Nordøyhallen, kan dei ta kontakt med Ivar Fjørtoft.

21/02-11
Av: Kenneth Ulla






Frå kick-off på søndag





Damelaget til HaNo/Lepøsy var dei første som trente i hallen



5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH


Hovudsponsorer: