HaNo-tap mot Bergsøy
Med kuling og regn i ryggen var HaNo best i den mållause førsteomgangen. Kjapp HaNo-leiing rett etter pausen gav håp om poeng. Men med tre relativt enkle skåringar rett etter det igjen cruisa Bergsøy inn tre poeng. HaNo bør vinne neste heimekamp mot Herd for å ha håp om å kome på trygg plass i 4. divisjon.
4. divisjon:
Bergsøy-HaNo 3-2 (0-0)
Mål:
0-1 Stig Frode Longva (47)
1-1 Daniel J. Kvalsvik (54)
2-1 Joakim Bendal (59)
3-1 Frank S. Skorpen (65)
3-2 Michael Austnes (88)
Dommar: Jim Dyb, Ellingsøy IL
Juryens dom:
3 poeng: Kenneth Ulla
2 poeng: Stig Erik Nogva
1 poeng: Michael Austnes

Av Odd Einar Molnes

HaNo slit med mannskap-mangel i haust, og denne gongen blei Stig Erik Nogva henta heim frå Trondheim. Han skapte trøbbel for Bergsøy-forsvaret i første omgang. I lag med stig Frode Longva på topp og ei aggressiv midtbane bakom seg viste HaNo at dei ikkje hadde tatt den lange vegen i ruskeveret for å sjå på. Bakerst rydda målvakta og eit resolutt HaNo-forsvar unna. Men tverrliggar, stor Longva-sjanse på corner, og nokre andre skotforsøk var det nærmaste HaNo kom teljande resultat.

Tok leiinga
Håpet om poeng blei enno større tre minutt ut i andre omgang. Stig Frode Longva var klar på returen etter dødball. 0-1, og Bergsøy-spelarane held fram med usympatisk ordbruk og kjefting på kvarandre. Men dessverre for HaNo skulle etter kvart beina deira også snakke, og tre kjappe skåringar gjorde dagen vanskeleg for dei blå. HaNo sleit med avklaringane, og var plutseleg ikkje så kyniske som i første omgang. Det straffar gode og opprykksjagande lag hardt. Frank Sverre Skorpen laga 3-1 nesten frå dødlinja med eit velplassert skot.

Tøff avslutning
Michael Austnes reduserte eit par minutt før ordinær tid, og HaNo fekk ein halvsjanse til. Men elles hadde Bergsøy god kontroll i andre omgang. Vartdal slo fortapte Gursken/Larsnes, og passerte HaNo på tabellen. Herd og Stranda står att for HaNo, og førstnemnde på heimebane komande laurdag blir ”dødsviktig” for dei blå, som dei heiter på fotballspråket.

HaNo (4-4-2):
Lasse Buch- Ole Lennart Vassbotn, Kenneth Ulla, Michael Austnes, Kent Inge Klokk- Odd Einar Molnes, Lars Petter Haram, Cato Longva, Vegard Halkjelsvik- Stig Frode Longva, Stig Erik Nogva.
Nytta innbyttarar: Kristian Kalvøy, Åge Flem Ulla.

27/09-08
Av: Kenneth Hansen







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: