Spelemessig framgang
Herrelaget tapte 2-1 mot Aspøy på Ravn KGB mandag kveld. Daniel Grebstad utlikna til 1-1 i det som i følge rapportane var spelemessig bra kamp, men med mange spolerte sjansar

1-0 Aspøy ca 5 min
1-1 Daniel Grebstad ca 35 min
2-1 Aspøy ca 65 min


Det vart eit knepent og noko ufortjent tap mot Aspøy på Ravn Stadion måndag. Aspøy, eit nystarta bylag, tok leiinga etter 5 minutt då ein corner gjekk rett i nota bak ein uheldig Sindre i HaNo buret. HaNo kom meir inn i kampen utover omgangen og skapte etterkvart fleire store sjansar. Mads Uri, Lars Åkre og Demir Haram hadde alle store muligheite til å utlikne, men ein god Aspøy keeper redda det meste. HaNo jobbar godt i denne perioden og held ballen mykje i laget. Utlikninga kjem 10 min før pause etter eit skudd frå Demir blir heada i mål av Daniel Grebstad. Fullt fortjent utlikning.

2 Omgang startar med eit lite HaNo overtak og igjen skaper vi sjansar vi bør sette i mål. Michael Austnes header over etter ein corner og Lars skyt like over på eit av dei mange frisparka i denne kampen. Men det er Aspøy som til slutt får uttelling etter mykje rot i HaNo forsvaret og ein Aspøy spelerar får sette ballen enkelt i mål fra 5 meter. Utover omgangen virkar Aspøy meir sliten enn dei blå. Michael er oppe på nok ein dødball og header like over og Demir bomme på merkelig vis frå 1 meter etter eit fint raid av Joakim. Rett før slutt sett Jokke ballen i mål men skåringa blir feilaktig annullert for offside av ein ellers meget god dommer Nordby, som dessverre ikkje ser at ein Aspøy spelar ligg nede ved hjørneflagget.

Dermed endar kampen med 2-1 siger til Aspøy, som også fekk med seg nokre gule kort på turen tilbake til byen. HaNo viser framgong frå sist og pila peikar heilt klart den rette vegen. Vegard legg ned ein solid innsats på midten og dreg med seg medspelarane opp eit hakk. Mads har igjen ein god kamp på høgrekanten og er svært nær sitt første HaNo mål og Demir jobbar og skapar mykje på topp. Joakim Austnes kom inn dei siste minutta og fekk sin første HaNo kamp på 10 år.

Aspøy på sin side verkar og ver eit hardtspelande og duellsterkt lag med mange rutinerte karar som nok vil bite godt fra seg i årets 5 divisjon. Vi ønsker Aspøy lykke til med sesongen 2011.

08/03-11
Av: Lars Åkre







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: