HaNo med tap i ruskeveret
HaNo – Tomrefjord 1-5 (1-2)
Tomrefjord var best i det meste i ruskeveret i Uggedalen, laurdag og reiste heim med ein fortent siger. Per Kristian Klokk skåra trøstemålet for HaNo.
HaNo – Tomrefjord 1-5 (1-2)

HaNo og Tomrefjord møttest til treningskamp i ruskeveret i Uggedalen laurdag, og med vinden i ansiktet fekk HaNo det tøft i den første omgongen. Tomrefjord pressa HaNo ned i eigen sekstenmeter i nesten heile omgongen, og viste seg fram som eit godt og spelande fotballag.
Men sjølv om Tomrefjord pressa HaNo kraftig, stod HaNo godt imot presset. Mykje takka ein god Pål Forr Austnes i HaNo – buret. Han redda fleire store sjansar gjennom heile omgongen, og var nok HaNo sin bestemann i dag. Då halvtimen var spelt gjekk Tomrefjord opp i leiinga etter eit godt skot frå Tomrefjord – spiss Anders Lid. Litt etter la dei på til 2-0, før Per Kristian Klokk reduserte for HaNo med eit hardt skot i krysset frå 16 meter.

Då andre omgong starta, var det HaNo som fekk fordelen med å ha vinden i ryggen, og dei første 15 minutta vart Tomrefjord pressa godt bakover, men utan at HaNo skapte dei store målsjansane. Utover i omgongen tok Tomrefjord over bansespelet fullstendig, og HaNo klarte ikkje å stå samla som et lag og blei springande for mykje i mellom, og jobba for mykje en og en.
Utover i omgangen skåra Tomrefjord tre gongar til. Eitt av desse på straffe.


Elles debuterte Robin Haram for HaNo sitt herrelag, og gjorde sakene sine bra.
No skal HaNo trene godt før ein skal møte Vigra, onsdag om to veker.


HaNo (4-4-2): Pål Forr Austnes – Kristian Kalvøy – Per Kristian Klokk – Robin Haram – Olve Steen – Demir Haram – Michael Austnes – Vegard Halkjelsvik – Daniel Grebstad – Sigvard Steen – Dag Peter Olsen

13/03-11
Av: Vegard Halkjelsvik







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: