Besøk av anleggskonsulent i Nordøyhallen
Onsdag kom Geirfinn Kvalheim (NFF) på vitjing til Nordøyhallen. Han kom med mange nyttige innspel til Ivar og Per Arne, for dagen Nordøyhallen sine representantar. - Mange klubbar gløymer å halde orden, og det er skummelt, var av tipsa han kom med.
Kvalheim er annleggskonsulent i Norges Fotballforbund, og har mellom ei rekkje andre kretsar både på Sør- og Austlandet og på Vestlandet, Sunnmøre fotballkrets som ansvarsområde. Han var full av lovord om prosjektet, og kva vi har fått til. - Dette må skape enormt med aktivitet her ute. I tillegg har eg fulgt med på nettsida til HaNo i prosessen, og eg er mektig imponert over dugnadsinnsatsen, meinte han.

Ivar Fjørtoft og Per Arne Tomren frå Hallnemnda både stilte spørsmål, noterte og fekk uoppfordra tips om smått og stort i ein slik byggeprosess. Av tipsa Kvalheim kom med, var at det er viktig å ta vare på anlegget frå dag 1.

Så då er vi oppmoda om å:
- Rydde på plass alt utstyr etter kvar økt. NB! Dette er minst like mykje alle spelarar sitt ansvar, som trenarane.
- Kaste søppel (inkl flasker) i søppelkorga.
- Ha med inn sko, og skifte på deg dei innanfor hallen, slik vi ikkje drar inn unødvendig skit på matta.

08/04-11
Av: Odd Einar Molnes
















5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH


Hovudsponsorer: