Store helgar i Nordøyhallen
I helga skal Nordøyhallen få sin første test som fleirbrukshall. Då skal opninga av Haramstreffet vere der. I dagane framover vert det hektisk aktivitet med å få hallen klar. Først og fremst skal det lagast toalett.
Med nærmare 200 korpsmusikarar innfor dørene, er det viktig å få på plass toalettfasilitetar. Difor arbeidast det på spreng med å få dette på plass til helga. Vidare vert det jobba hardt med å få minst den eine varmepumpa i funksjon til helga.

Laurdag ettermiddag skal det vere lagkonkurranse i hallen. Mellom 125 og 175 korpsmusikantar skal vere med i ein lagkonkurranse i Nordøyhallenregi.

Neste helg er det klart for den offisielle hallopninga. Vi treng mykje hjelp i dagane som kjem for å få mest mogeleg på plass. Så har du anledning til å bidra, er du hjarteleg velkommen! Vi lovar at etter 28. mai vert det ei lita pause på dugnadsfronten:)

18/05-11
Av: Kenneth Ulla



















5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH


Hovudsponsorer: