Vågnes/Fjørtoft til HaNo
Tysdag 21. oktober kl 18.00-20.30 kjem Reidar Vågnes og Karl Oskar Fjørtoft til Haramsøy skule/grusbane. Dei skal halde ei økt om trening av barn og unge. Vi oppmodar alle interesserte i å møte!
Sunnmøre fotballkrets og Aafk har eit samarbeidsprosjekt som går på å gi tips og innspel til korleis ein bør trene barn og ungdom.
No er turen komen til HaNo. Tysdag kjem Reidar Vågnes og Karl Oskar Fjørtoft til Haramsøy skule/grusbane. Dei vil ha ca 1 time med teori først, før dei køyrer ei treningsøkt på HaNo sitt smågutelag for å vise korleis ei trening kan leggast opp.

Vi er sikker på at dette vert ei kjekk og lærerik økt!
Vi oppmodar alle noverande, tidlegare og komande trenarar til å møte opp. Foreldre, seniorspelarar og andre har mykje å lære her.

Her er linken til SFK si side:

http://www.fotball.no/sunnmore/t2.asp?p=53715&x=1&a=235632

18/10-08
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: