- Eg er ein diktator
- HaNo er ikkje nokon målestokk. Trudde eg. Men no har eg høyrt at dei har byrja å hente inn forsterkingar, sa manager Sonja Tomren under pressekonferansen til HaNo All Star på HaNo-kontoret torsdag kveld.
HaNo All Star er av mange peika ut som ein outsider til å vinne Øyacup i år. Manager Sonja Tomren bidrog ikkje til å dra ned dette stempelet i løpet av den halvannan time lange pressekonferansen på HaNo-kontoret. Det fulltalige pressekorpset som møtte fram var sikre på å få heile 14-mannstroppa servert, men Tomren ville ikkje offentleggjere eit einaste namn. Journalistane greidde likevel å lure ned namn på blokka gjennom gode spørsmål til manageren.

- Berre på Gøss
Etter det hanofk.no erfarer er det over 1000 spelte HaNo-kampar på adelskalenderen vi snakkar om i troppa til Tomren. I sosiale medium på verdsveven finn vi namn som Siv Ulla Otterlei knytta til dette laget.
- Vi har inntrykk av at det er mykje rutine på dette laget. Kva med ungt pågangsmot? undra Aftenposten sin utsendte. – Der har vi handplukka to spelarar som er i den kategorien. Veronica Norvoll Longva, pluss meg sjølv og to til, som eg ikkje vil nemne namnet på, var på dametrening sist. Der såg vi at spesielt Veronica verka ut til å verkeleg ha prikka inn toppforma!
- Er May Britt Longva den andre du tenkjer på? Du var observert gåande på Longva nær bustaden til May Britt tidlegare i veka, spekulerte Dagbladet sin utsendte i.
- Eg skulle berre på Gøss og kjøpe sjokolade, kontra manager Tomren.

Diktatur
- Du blir spelande manager?
- Ja, eg er diktatorisk leiar, manager, kaptein og saftblandar for laget. Rett andel saft og vatn blir fokusområde. Eg kjem også til å vere på bana heile tida. Ser ikkje anna løysing for at laget skal fungere optimalt.

Tvillingconnection
Då Agderposten sin utsendte ville ha stadfesting på om søstrene Kari og Lise Longva var på laget, greidde manageren heller ikkje her å unngå å kommentere det. – Eg er veldig glad for at dei er på laget. Men det bekymrar meg stort samspelet dei mellom. Dei har ikkje trena og spelt i lag på frykteleg lang tid, så eg kjem nok ikkje til å bruke dei samstundes på bana, avslører Tomren.

Neste helg får vi svaret på kor godt laget verkeleg blir. HaNo All Star møter Fjørtoft og Brattvåg i innleiande spel.

01/07-11
Av: Odd Einar Molnes






Manager Sonja Tomren ønskjer å heve ein slik pokal med HaNo All Star.


- HaNo har stolte tradisjonar, og vi ber namnet HaNo All Star med stoltheit, fortalde Tomren på pressekonferansen framfor pokalhylla til HaNo FK.


Tomren fortel herretrenar Vegard Halkjelsvik om taktiske grep ho har på lager...


...men då Tomren fortalde om tredjebevegelsar etter innkast rett innanfor eigen banehalvdel, byrja Halkjelsviken å miste konsentrasjonen.



5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: