- Favorittar dersom vi spelar 2x5 min kampar
Erik Åkre er beskjeden på HaNo Old Star sine vegne. Det Øyacup-oppretta laget har svært mange stjerner i troppa. Etter det hanofk.no kjenner til, spelar Norborg sine HaNo-innfødde på laget, og siste rykta går ut på at Jan Egil Ulla skal ha ein sein medisinsk test for å sjå om han blir speleklar for laget.
- Men den største stjerna på laget er utan tvil Tore Beckham Fjørtoft, seier Åkre. - Han skal ta alle frispark, og blir vår viktigaste spelar. Dette til tross for at Frank Dalhaug visstnok også blir å finne på HaNo Old Star. Åkre vil ikkje stadfeste at Dalhaug blir med, men konkluderer med at haltande fastlendingar er i troppa, som elles består av øyingar.

- Alle brikkane er ikkje på plass, men vi lovar sexy fotball og god stemning, avsluttar Åkre. som ikkje vil bli med på noko favorittstempel på cupen. - Drsom kampane hadde vore på 2x5 minutt hadde vi vore favorittar.

07/07-11
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: